Lokal | 23. okt. 2019

Nore Neset og Os får nytt kunstgras

Berre to parti stemte imot tilskot og kommunal garanti.

Nore Neset og Os får nytt kunstgras
Nore Neset, som i 2017 fekk bane nummer to, får no erstatta kunstgraset frå 2008. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. okt. 2019 08:40

Bildeserie:

Marie L. Bruarøy (H) presiserte at det er grunnskuleelevane som får disponera banane gratis. (Foto: KVB)
Marie L. Bruarøy (H) presiserte at det er grunnskuleelevane som får disponera banane gratis. (Foto: KVB)
Tryggve Lillestør (KrF) lurde på kor dei gamle plastmattene skulle kastast. (Foto: KVB)
Tryggve Lillestør (KrF) lurde på kor dei gamle plastmattene skulle kastast. (Foto: KVB)
– I Danmark, svarte Leiv Gunnar Heggland. (Foto: KVB)
– I Danmark, svarte Leiv Gunnar Heggland. (Foto: KVB)
Siren Tømmerbakke (Sp) ville venta på resultat av høyring på ny forskrift om granulat. (Foto: KVB)
Siren Tømmerbakke (Sp) ville venta på resultat av høyring på ny forskrift om granulat. (Foto: KVB)
1 av 4
Marie L. Bruarøy (H) presiserte at det er grunnskuleelevane som får disponera banane gratis. (Foto: KVB)
Tryggve Lillestør (KrF) lurde på kor dei gamle plastmattene skulle kastast. (Foto: KVB)
– I Danmark, svarte Leiv Gunnar Heggland. (Foto: KVB)
Siren Tømmerbakke (Sp) ville venta på resultat av høyring på ny forskrift om granulat. (Foto: KVB)

Nore Neset il og Os Turnforening fekk i kommunestyremøte i går 500.000 kroner kvar i tilskot til nytt kunstgras på kvar sin 10 og 11 år gamle bane.

Nore Neset, som blir anbefalt å legga pad under nytt dekke, får kommunal garanti på 2,1 millionar kroner i lån.

Os Turn, som truleg kan bruka eksisterande pad vidare, får garanti på 1,6 millionar kroner i lån.

• Sjå sakspapir og tv-sending frå møtet

Vedtaket blei fatta med 32 stemmer fleirtal. Venstre og 2 MDG stemte imot.

Gratis, men ikkje for alle elevar

Marie Lunde Bruarøy (H) tok ordet og ba om ei endring i punkt 3 i vedtak for begge banane. Her står det at anlegget må kunna disponerast av elevar i skuletida som vilkår.

– Vi må presisera at dette gjeld elevar i grunnskulen, altså Os kommune sine elevar. Os Turn leiger ut banen til elevar på fylket sine skular (Os vgs og Os Gymnas).

Presiseringa blei samrøystes tatt med i endring av punkt.

Kva med avfallet?

Tryggve Lillestøl (KrF) lurde på kor avfallet blei av, om Os kommune hadde depot for alt plasten i den gamle banen.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) fortalte at det er idrettslaga som er utbyggar, og har dette ansvaret, men at kommunen er i tet dialog med utbyggarane for å sikra at grasmatta blir levert på forskriftsmessig måte. Han fortalte òg at det er ei ny forskrift om granulat ute på høyring.

Leiv Gunnar Heggland (Frp), som var ugild då Os sin bane blei diskutert (Heggland er formann i Os Fotball), orienterte under handsaming av Nore Neset sin bane (der dagleg leiar i NN, Eirik André Hesthamar var ugild), at det ligg 300.000 kroner inne i budsjettet til levering av den gamle kunstgrasmatta, og at denne går til mottak i Danmark.

Siren Tømmerbakke (Sp) lurde på om kommunen burde venta med å gi tilskot til dei to banane, til ny forskrift om granulat er behandla og eventuelt på plass. Søviknes svarte at kommunen følgjer saka tett, og vil retta seg etter det som er gjeldande.

Banane som blir skifta ut

Ifølgje tilssynsrapportane etter befaring i sommar er dette status for dei to banane som skal få ny matte:

Nore Neset
Ferdig i juni 2008
Leverandør: SportSurface, Karmøy
Type: Kunstgressmatte med monofibre på avrettetsandunderlag uten PAD, med ifyll av kvartssand og SBR-gummi.
Storleik: Spilleflate 60 x 100 meter, kunstgressflate64x106m.
Konklusjon i rapporten (gjennomført av Tore Thorsen, leia for anleggskomiteen i NFF Hordaland): Matten er for komprimert til at det kan rettes opp igjen med vedlikeholdstiltak og banen vurderes moden for utskifting/rehabilitering. Matten er 11år gammel og kvalifiserer til spillemidler for rehabilitering. Det er masseutskiftet med sprengstein i relativ stor dybde under kunstgressbanen og det oppgis at det ikke har vært noen problemer med overvann eller drenasje av banen. Klubben vurderer å anleggekunstgressbane for 4 stk 3-erfotballbaner på tilliggende areal. Nytt kunstgress må tilfredsstille kravene i FIFA Quality og vi anbefaler at det legges PAD under nytt kunstgress.

Os Turnforening
Ferdig i 2009
Leverandør: Polytan
Type: Kunstgressmatta er eit dekke med monofiber lagt på ein utstøpt PAD.4. Konklusjon.
Storleik: Speleflate 64 x 105 meter
Konklusjon i rapporten (gjennomført av Tore Thorsen, leia for anleggskomiteen i NFF Hordaland): Kunstgressetpå Kuventræ er ca. 11 år gammelt og er modent for utskifting. Sannsynligvis vil den eksisterende PAD fortsatt kunne brukes, men man må ta høyde for at den i enkelte områder må repareres.Banen har i dag spilleflate på 64x105m hvilket tilfredsstiller kravet til spill i 2. divisjon. Om man skal spille høyere enn dette, eller kvalifisering til 1. divisjon, er kravet til spilleflate 105 x 68 meter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.