Båt og sjøliv | 22. nov. 2021

Norge Rundt var med då Kvitaskjeret fekk stake

– Her har fleire gått på grunn.

Norge Rundt var med då Kvitaskjeret fekk stake
Tjoholmen og Strønebrua sett frå Skåtøya. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. nov. 2021 09:20

Fredag var tryggleik på sjøen ein blå tråd gjennom Norge Rundt-sendinga.

Redaksjonen var med Kystverket, «vegvesenet til sjøs», først på inspeksjon på Fleslandskjeret fyr, så på Kvitaskjeret utanfor Nordstrøno for å montera eit sjømerke.

– Her har fleire båtar gått på grunn. Vi ser det er mykje hytter i området, så det er nok ein del trafikk med fritidsbåtar her, sa Arild Danielsen frå OV «Utvær» om mogleg årsak til at akkurat dette skjeret skulle merkast.

Kvitaskjeret ligg mellom Nordstrøno og Skåtøya.

Her ligg Kvitaskjeret, som no har fått merke. Strønebrua nede til høgre. (Kommunekart.com)
Her ligg Kvitaskjeret, som no har fått merke. Strønebrua nede til høgre. (Kommunekart.com)

OV «Utvær» la seg ved skjeret og løfta ut ein rigg for å bora hol å festa staken i.

– Det er alltid eit visst faremoment når vi set føtene på riggen ned, sa Danielsen.

Så glei den, og det buldra godt. Men ingen ramla av riggen, og arbeidet med boring, vatring og festing av staken kunne halda fram.

Du kan sjå Norge Rundt-episoden på NRK.no

4 av 11 «kapittel» av episoden er frå toktet med Kystverket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.