Meining | 03. sep. 2021

Norge skal ikkje skusle vekk kraftoverskotet på symbolpolitikk!

Konsekvensane av ulik kraft- og klimapolitikk.

Norge skal ikkje skusle vekk kraftoverskotet på symbolpolitikk!
Sigbjørn Framnes, 3. kandidat i Vestland Frp. (Foto: Markus Endresen Thorstensen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. sep. 2021 05:51

Norsk kraftproduksjon er i eit normalår om lag 153 TWh, der mesteparten kjem frå vasskraft.

Kraftoverskotet er då om lag 10 TWh, noko som bidreg sterkt til å halde straumprisen nede.

2021 er ikkje eit normalår.

Vi har hatt lite nedbør her heime, lite vind i Europa, auka CO2-pris og auka kull- og gassprisar. Det gjer no at vi ser rekordhøge straumprisar også her heime.

Deler av prisauken skuldast utanlandskablane.

Desse vart i si tid godkjent av den raudgrøne regjeringa, som også ville byggja tusenvis av vindmøller på land for å bli Europas batteri. Me ser no resultatet.

Om du koplar ein marknad med låg snittspris til ein marknad med høg snittpris vil prisen auka der den var lav, og gå ned der den var høg.

Enkelte trekk energibyrået ACER inn i debatten om straumprisar. Det er ei avsporing.

Norge er sikra full råderett over eigen kraftproduksjon og avgjer sjølv om det skal byggast nye kablar til utlandet.

Etter at Stortinget gav si tilslutning til ACER er det heller ikkje vedtatt nye kablar, og ACER har ikkje fatta andre konkrete vedtak knytt til Norge.

For å understreka at energibyrået ACER i seg sjølv ikkje betyr noko for straumprisen i Norge kan vi sjå på straumprisane i 2020.

Då var prisane rekordlåge i Norge. Ja, straumen var nær gratis i fjor sommar! Og vi var allereie då knytt til ACER gjennom stortingsvedtaket frå 2018.

Det som imidlertid vil påverka straumprisen er elektrifisering av norsk sokkel. Dette aleine vil krevje 10-15 TWh, og i praksis fjerna kraftoverskotet vi har i eit normalår.

Resultatet? Vi vil får vesentleg auka straumpris for folk flest og industrien, og det utan at klimagassutsleppa vert redusert!

Gassen ein no nyttar til elektrisitetsproduksjon på oljeplattformane vil bli eksportert og brent i Europa, og eit rekneskapstriks flyttar utsleppet til andre land sine klimarekneskap.

Dei globale utsleppa er imidlertid dei same - Norge har ikkje ein eigen atmosfære.

Og kostnaden for norske skattebetalarar? Jau, prisen for elektrifisering av sokkelen er estimert til heile 40-50 milliardar kroner, og felleskapen må ta største delen av rekninga.

Dette er ganske enkelt rådyr og symbolsk klimapolitikk som FrP ikkje vil være med på!

For å ivareta den kraftkrevjande industrien si konkurransekraft, og ha levelege straumprisar for folk flest, må vi sørgja for Norge har eit kraftoverskot. I tillegg treng vi betre overføringskapasitet internt i Norge.

For Vestlandet gjeld dette særskild til Stor-Bergen, der fleire næringsaktørar no får nei til å etablera seg pga manglande straumtilførsel.

I regjering jobba FrP med skatteincitament for å modernisera eksisterande vasskraftanlegg, - her ligg det ein stor energireserve. Vi har også foreslått å gje løyve til skånsomme utbyggingar i tidlegare verna vassdrag der dette ikkje vil gi store negative konsekvensar. Det er fullt mogleg med dagens teknologi.

Ingen har støtta dette - i staden for har ein gått inn for vindkraft på land.

FrPs politikk på området kan oppsummerast slik;
• JA til oppgradering og ny utbygging av vasskraft
• NEI til elektrifisering av norsk sokkel
• NEI til fleire utanlandskablar (vi stemte imot North Connect)
• El-avgifta må fjernast for å få ned straumprisen

Om du ynskjer lav straumpris og gode vilkår for kraftkrevjande industri kan du trygt stemma Fremskrittspartiet.

Godt val!

Sigbjørn Framnes
3. kandidat, Vestland Frp til Stortinget

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.