Sport | 30. juli 2015

Nr 7 på glatta i Danmark

Karoline Breivik fekk testa seg, då ho køyre i det danske meisterskapet i helga. Ein regnfull laurdag gav vanskelege køyretilhøve.

Nr 7 på glatta i Danmark
Karoline Breivik køyrde i Danmark i helga (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretorsdag 30. juli 2015 06:17

Team Karoline reiste sist helg til Danmark for å køyre dansk meisterskap i Sæby like utanfor Fredrikshavn.

– I dei to rundene fredag gjekk rimeleg greitt med fine køyretilhøve. Karoline køyrde inn til 7. og 6. beste tid og låg som nummer sju etter den første dagen, fortel bestefar og mekanikar Håvard Gaassand.

Himmelen opna seg

Laurdagen skulle det bli vanskelegare.

– Det kom ei regnskur med styrtregn som vara heile dagen. Banane i Danmark er ikkje like gode som her til lands, så det blei eit skikkeleg sørpeføre på blaute leirmasser. Det blei meir segling enn køyring.

– Vi hadde diverre ikkje med oss dei grushjula vi burde hatt med oss, så det blei utfordrande. Det var tydeleg at dei som var vante med den type underlag hadde ein fordel.

– I tillegg fekk Karoline stopp i den første runda på laurdagen. På grunn av regnet og vatnet som sto opp i motorrommet så fekk ho overslag og bilen stoppa. Heldigvis fekk vi fiksa det til fjerde og siste runde. Då høyre ho inn til ein ny sjuande plass og kvalifiserte til semifinalen, fortel Gaassand.

Første gang i Danmark

I kvar av dei to semifinalane går dei tre beste vidare.

– Karoline køyrde inn på fjerde plass i sitt heat og fekk ikkje med det med seg finalen. Men ho fekk med seg nyttige erfaringar og ei god oppleving. Dette var første gang ho køyrde i Danmark.

– Neste som er spikra på programmet no er det fjerde NM-løpet som går på Gardermoen i slutten av august. Det kan vera at ho køyrer vestlandsmeisterskapet før det. Det har vi ikkje tatt heilt stilling til. Eg er ikkje heilt nøgd med korleis motoren går, så det kan vera at vi prøver å få bilen til motorbyggaren slik at han kan sjå på den og få gjort nokre justeringar, avsluttar mekanikaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.