Sport | 04. sep. 2013

Ny braksiger til juniorane

– Vi var gode i første omgang og vi ramlar ikkje akkurat nedpå når vi skårar 8 mål i andre omgang, seier trenar Ørjan Håland.

Ny braksiger til juniorane
Isak Røen skåra 3 av Os sine 13 mål på Kuventræ i går. Også Egil Thuen sette inn 3. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. sep. 2013 11:09

Os sitt juniorlag, som rykte opp frå 3. til 2. divisjon i sommar, starta haustsesongen med 9-0 over Trio og 4-2 over Sandviken.

I går tok dei imot Djerv på Kuventræ.

Os 2 - Djerv 13-2 (5-1)
Målskårarar, Os 2: Isak Røen 3, Egil Thuen 3, Philip Moe Haugland, Aksel Skår, Thomas Mjelva, Adrian K. Valle, Øystein Takle Eide og Espen Borgen (+ eit sjølvmål etter skot av Egil Thuen).

– Eg er imponert over korleis vi framstår som lag. I denne alderen, spesielt i kampar der du leiar mykje, er det vanleg at dei mest tekniske byrjar å dribla eller prøver å gjera alt sjølv.

– Men her er det raske trekk og smarte val og full innsats i 90 minutt. Når back Thomas Mjelva går på raid i 85. minutt, og set ballen i nota, og når vi i 90. minutt har 4-5 mann i boksen på innlegg, seier det litt om arbeidsmoralen, synest Ørjan Håland.

Dei to eksplosive angriparane Isak og Egil herja med Djerv-forsvaret og skåra tre mål kvar.

Ein annan Håland er spesielt imponert over er Øystein Takle Eide.

– Han har noko du sjeldan ser, også oppover i nivå og alder. For det første er alt han gjer heilhjarta, med 110 prosent innsats, han har ei unik timing når han går på løp og ei spesiell evne til å skaffa seg mykje rom, og han har eit ekstra gir som gjer at han i løpsduellar stort sett alltid kjem vidare med ballen i beina.

– Det skal bli spennande å følgja Øystein og resten av denne gjengen utover hausten, seier Håland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.