Samferdsle | 05. sep. 2025

Ny bru er på plass – søndag blir den montert

Nabolaget er klare for dugnad. Og for å lata bilen stå nokre timar.

Ny bru er på plass – søndag blir den montert
Ny og gamal bru side om side, 6 meter breidde og 4,2 meter breidde. Og fem gongar så store bereevne. Foto: privat / Erik Vigander
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. sep. 2025 17:38

Brimsholmen Bru- og Veglag AS, som ikkje fekk kommunal støtte til ny bru, skaffa finansiering sjølv.

No har ny flytebru frå Valen Marina, produsert av Etne Betong, kome på plass.

Søndag blir den montert.

– Då må vi lata bilen stå, men det går greit, for mange av oss skal likevel jobba dugnad. Vi finansierer den sjølv og vi monterer den sjølv, seier Erik Vigander frå Brimsholmen Bru- og Veglag AS.

Han har fått eit godt førsteinntrykk av ny bru, der den ligg inntil den gamle.

Utriggarane blei fjerna tidlegare denne veka, men skal på plass igjen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Utriggarane blei fjerna tidlegare denne veka, men skal på plass igjen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

– Den er omtrent 40 cm høgare. Det vil gi meir mjuk køyring på og av rampen.

  • Dagens bru er frå 1991. Den er 4,2 meter brei. Bereevna er redusert frå opprinnelege 6 tonn til 4 tonn
  • Ny bru har bereevne på 20 tonn og har ei breidde på 6 meter.

– No har brannvesenet sjanse å koma seg over, om det blir oppdrag på øya, og det blir langt tryggare for fotgjengarar.

Utriggarane blei fjerna tidlegare denne veka, men skal på plass igjen.

Den gamle brua er selt, men ikkje langt. Den blir utvida brygge på Bunnpris Vedholmen Landhandel.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.