E39 Svegatjørn-Rådal | 07. sep. 2022

Sånn blir bussrutene etter opning av ny E39

Når nyevegen mellom Os og Bergen opnar seinare i haust, blir det også oppretta ei ny og effektiv hovudlinje med buss.

Sånn blir bussrutene etter opning av ny E39
Endelausmarka og ny E39 sett frå lufta i juni 2021. (Foto: Statens vegvesen/Hawkeye AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. sep. 2022 06:18

Med ny E39 mellom Svegatjørn og Rådal får også kollektivreisande ein ny reiseveg mellom Os og Bergen.

Ei ny linje 600, som køyrer E39 via Lagunen terminal til Bergen busstasjon, blir ei ny og effektiv hovudlinje.

Busstilbodet over Søfteland og Kaland blir på si side sikra gjennom den nye lokallinja 610 frå Osøyro til Nesttun.

Lokale ruter vil bli tilpassa dei nye linjene.

Tilbodet mellom Osøyro og Eikelandsosen blir også styrka, ved at linje 740 får langt fleire avgangar enn ho har i dag.

– Endringane vil gjera det lettare for både pendlarar og andre innbyggarar på begge sider av fjorden i Bjørnafjorden kommune å bruka bussen, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss, i ei pressemelding i dag.

Endringane vil tre i kraft etter opninga av ny E39. Den er per no planlagt til 21. oktober, og ruteomlegginga følger i så fall 24. oktober.

Fakta: Slik blir tilbodet når E39 opnar

Linje 600: Nye linje 600 mot Bergen vil køyre Halhjemsmarka – Osøyro – Tøsdalskiftet – Lagunen – Fjøsanger – Danmarks plass – Bergen busstasjon, med stopp på alle haldeplassar. På den nye vegen mellom Tøsdalsskiftet og Lagunen vert det stopp i Lyseparken og Rådalskrysset.

I rushtidene vil bussen ha avgang kvart 15. minutt. Når bybanelinje 2 opnar vil Kristianborg i Fjøsangerveien vere eit naturleg bytepunkt for reisande til og frå Haukeland sjukehus.

Saman med tilbodet på linje 610, vil dette nye tilbodet erstatta dagens linjer 600 og 600E.

Linje 601: Det blir ingen endringar på 601 linja utover litt justeringar i rutetidene. Skyss anbefaler reisande å bruka Tøsdalskiftet som bytepunkt ved overgang til linje 600 og 610.

Linje 604: Det blir ingen endringar på linje 604 i samband med opninga av E39. Når bybaneline 2 opnar til Haukeland sjukehus vil dei fire avgangane på linje 604 bli erstatta av andre reisealternativ.

Linje 605: Denne linja blir erstatta av det utvida tilbodet på linje 740.

Linje 610: Nye linje 610 erstattar dagens linje 600, og blir den nye lokale linja mellom Osøyro, Søfteland og Nesttun.

For linje 610 vil Nesttun terminal blir eit sentralt bytepunkt. Her kan du reisa vidare med bybane eller buss mot Fana/Ytrebygda, eller i retning mot sentrum, Landås eller Arna.

Linje 610 har avgangar gjennom heile dagen, og vil gå kvart 15. minutt i rushtidene. Det blir lagt opp til effektive byte mellom linje 600 og 610 ved Osøyro terminal.

Linje 740: Bussen mellom Osøyro og Eikelandsosen følger ferga i sambandet Hatvik-Venjaneset, og vil gå kvart 40. minutt store delar av dagen. Det er langt fleire avgangar enn i dag, og med overgang til nye linje 600 på Osøyro blir den samla reisetida mellom Bergen og Eikelandsosen også korta ned.

Avgangar frå Gjermundshamn til Eikelandsosen blir som i dag.

Linje 741: Arbeidsruta mellom Arna og Fusa får eige linjenummer. Tilbodet vert som tidlegare, med avgang frå Arna om morgonen, og avgang frå Fusa om ettermiddagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.