Korona | 10. des. 2021

Ny forskrift er klar: Gjeld frå klokka 12 i dag

Her er den nye, lokale forskrifta.

Ny forskrift er klar: Gjeld frå klokka 12 i dag
Kommuneoverlege Klaus Melf og ordførar Trine Lindborg har annonsert godt og dårleg nytt fleire gongar det siste halvanna året. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. des. 2021 10:17

Pressemelding:

Bjørnafjorden kommune har, saman med Alver, Askøy, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden, vedtatt å innføre forsterka tiltak for å kunne handtere smittesituasjonen i regionen vår på ein mest mogleg effektiv måte.

  • Påbod om karantene
  • Forsterka påbod om bruk av munnbind

Dei nye tiltaka gjeld frå klokka 12 i dag, fredag 10. desember til klokka 12, fredag 24. desember 2021.

Kva betyr dette?

Påbod om smittekarantene for husstandsmedlemmar til smitta personar

– Smittesituasjonen i regionen vår gjer at vi har behov for strengare tiltak enn dei nasjonale tiltaka regjeringa nyleg innførte.

– Vi har lytta til kommuneoverlegane våre som seier at pliktig smittekarantene for alle husstandsmedlemmar, uavhengig av vaksinasjonsstatus, er det mest effektive tiltaket for å hindre vidare smitte, seier ordførar Trine Lindborg.

Eit påbod må til

Dei nasjonale reglane gir ikkje påbod for fullvaksinerte husstandsmedlemmar til smitta personar om å halde seg i karantene. Etter dei nasjonale reglane treng heller ikkje barn og unge under 18 år gå i karantene, sjølv om det er smitte i familien.

– Med påbod om smittekarantene for alle i husstanden, vil vi hindre smitte i å spreie seg til barnehagar, skular og arbeidsplassar, seier Lindborg.

10 dagars smittekarantene

I Bjørnafjorden kommune blir det altså no påbod om 10 dagars smittekarantene for alle husstandsmedlemmar, òg dei under 18 år og uavhengig av om ein er vaksinert eller ikkje.

Dette gjeld alle smittetilfelle, ikkje berre ved mistanke om omikronvarianten av koronaviruset.

Det er mogleg å "teste seg ut" av karantenen med ein hurtigtest på dag 7.

Moglegheit for fritak for samfunnskritisk personell

– Helsepersonell som er kritisk for forsvarlege helse- og omsorgstenester, og anna samfunnskritisk personell, kan i spesielle tilfelle få fritak frå karantene i arbeidstida, etter individuell vurdering og avtale med arbeidsgivar.

– Dette er eit svært viktig punkt for oss, som dei nasjonale reglane ikkje tar høgde for. Kommunen må framleis vere i stand til å levere nødvendige tenester til innbyggarane, seier Lindborg.

Forsterka munnbindpåbod

– I Bjørnafjorden har vi no brukt munnbind ei god stund alt - både der det har vore påbod og der det "berre" har vore anbefalt.

– No blir det påbode å bruke munnbind innandørs på alle offentlege stader, inkludert på venterom, legevakta og ved levering i barnehage, skule og SFO.

– Dersom du er i tvil om ein stad er offentleg, tar du uansett på munnbind for å vere på den sikre sida, seier ordførar Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.