Lokal | 18. juli 2013

Ny gjestebrygge neste veke

I neste veke kjem endeleg den nye gjestebrygga, med 20 nye båtplassar i flytebrygge heilt inne ved Oseana.

Ny gjestebrygge neste veke
Her, inst i moloen, rett ved Oseana, kjem ei 48 meter lang brygge for gjestar. Brygga skal vera klar for bruk om cirka ei veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juli 2013 08:39

– Vi gav tilbod både på brygger frå eige firma og på opprusting av betongbryggene som blei brukt som bølgebrytarar, seier Espen Aspenes frå Alutec AS.

Alutec har levert resten av marinaen innanfor den nye moloen på Mobergsneset.

Os Sjøfront, som har levering av dei 20 gjesteplassane som del av avtalen med Os kommune, valte å få nokre av bølgebrytarane restaurert.

– Vi har leigd inn ein ekstern ekspert i John Ove Kyte, som har fiksa fire av bølgebrytarane, så dei blir eigna som brygger.

– Desse skal slepast til Os over helga og vera klare til bruk til neste helg, om alt går etter planen.

15 til 20 gjesteplassar

Os Sjøfront hadde 10 bølgebrytarar, kvar på 12 meter, i rekke som ei forlenging av moloen.

Men bryggene var ikkje eigna til dette og blei taua til Øyane og erstatta av nokre ekstra meter med molo.

Dei fire bryggene som blir brukt til ny gjestebrygge er til saman 48 meter lange. Dei får ikkje utriggarar, men vil likevel gje plass til rundt 15-20 båtar inst i moloen.

Les òg: – Betre for gjestar i Os hamn

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.