Sport | 04. apr. 2019

Ny lagkamerat frå Portugal

Midtstoppar Carlos Mendes (23) er klar for Os.

Ny lagkamerat frå Portugal
Carlos Mendes (t.h.), her saman med sin komande lagkamerat, Marius Mikkelsen på treningsleir i Tyrkia i februar. (Foto: Os Fotball/Rune Mo)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. apr. 2019 09:28

Os Fotball har denne veka signert kontrakt med midtstoppar Carlos Mendes, fødd i 1996. Mendes kjem frå byen frå byen Coiambra, og går no frå klubben Juventude de Pedras Salgadas på portugisisk nivå 3 til Os.

– Vi kom i kontakt med Mendes via tips frå Morten Døsen, som sette oss i kontakt med NF Academy. Vi fekk sett spelarpresentasjon og video før vi inviterte han med oss til treningsleiren vi hadde i Tyrkia i februar, seier hovudtrenar og dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Carlos spelte frå start i kampen Os hadde mot tjekkiske MFK Frýdek-Místek (kampen enda 0-1).

– I Tyrkia gjorde han god figur, både som spelar og person, og vi ser fram til å få han til klubben.

Til Os i morgon

Mendes kjem til Os fredag og vil vera speleklar til seriestart på heimebane mot Stord laurdag 13. april.

Han skal, ved sidan av å spela for Os, jobba på FFO på Nore Neset. Os har signert eittårskontrakt med spelaren, men partane er einige om evaluering til sommaren.

Carlos er 1,83 cm høg, og blir skildra som rask, duellsterk, god på hovudet og ein humørspreiar.

Under ser du presentasjonsvideoen hans:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.