Lokal | 12. jan. 2019

Ny mann på plass

Oseana Kunst & Kultursenter har tilsett Daniel Epland som arrangementsteknikar.

Ny mann på plass
Daniel Epland er tilsett som ny arrangementsteknikar ved Oseana. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 12. jan. 2019 09:01

27 år gamle Epland, som kjem frå Stavanger, skal i stor grad erstatta Espen Hjertaas som i desse dagar startar vaksenlivet på nytt i Nordland.

Denne veka har Epland hatt sine første arbeidsdagar på sin nye arbeidsstad.

Kunst skal ha god lyd

Dei siste sju åra har Epland budd og studert i Kristiansand. Mellom frilans-arbeid og éit år ved Kilden teater- og konserthus har det òg vore tid til litt ingeniørfag på skulen.

– Eg rakk to av tre år, men så fekk eg den stillinga ved Kilden, og då vart skulen litt satt på vent. Og no er eg her.

Epland ser ikkje på seg sjølv som musikar, sjølv om han eig ein gitar og ein trombone.

– Nei, eg speler litt gitar av og til, men trombonen er nok blitt ein støvsamlar med åra. Eg er nok meir oppteken av å vera ein kunstformidlar via lyd. Eg har jobba mykje med teater, og eg veit kor mykje det har å seia at lyden vert rett- og god, når den skal formidlast ut til publikum. Kunsten skal få spela fritt, utan at teknikken snevrar den inn.

Gler seg over mottakinga

Epland fortel at stillinga fann han på nettet, og etter eit skype-møte vart han invitert til Os for eit lengre intervju.

– Nett no bur eg på Nesttun, så reisevegen er ikkje den lengste. Eg har verkeleg blitt teke vel i mot her på huset, og ser fram til å koma skikkeleg i gang med oppgåvene mine.

Epland går inn i stillinga som arrangementsteknikar på huset, mens Lasse Nordahl-Pedersen vil fungera som driftsteknikar for huset.

– Vi vil nok overlappa og støtta kvarandre i kvardagen, men eg vil i all hovudsak syta for teknikken kring alle dei ulike arrangementa Oseana gjennomfører.

Godt hus med godt program

Teknikarmiljøet i Noreg er ikkje det største i verda, og éin ting hadde Epland allereie høyrt om Oseana, nemleg solcellepanelet som heng utanfor. Ein annan ting han har notert seg, er kor gode dei praktiske løysingane er i storsalen;

– Solcellepanelet finn eg fascinerande, og Oseana er eit godt teknisk hus. Eg likar spesielt godt fleksibiliten i storsalen, kor alt kan kan flyttast på. Dette ser eg fram til å få jobba med. Eg tykkjer Oseana sitt program for våren er bra, og fleire av artistane har eg tidlegare jobba med. Det er alltid kjekt å helsa på «gamle kjennningar».

Nokre planar om å flytta til Os har Epland ikkje enno, men han fortel om ein fjelltopp i nærleiken han allereie har sett og høyrt om. (Dette syner seg å vera Borgafjellet…)

– Den toppen har eg sett meg som mål å sjekka ut!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.