Lokal | 02. nov. 2010

Ny P-vakt, nye P-plassar

Os sentrum får fleire parkeringsplassar. 28 har søkt om jobb som vakt. Sentrum må skiltast på nytt.

Ny P-vakt, nye P-plassar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. nov. 2010 20:49

Os kommune skal få trafikkbetjent, eller parkeringsvert, som dei kallar det. Det er gratis å parkera i Os sentrum, men på dei fleste plassane er det berre lov å stå to timar samanhengande.

- Stillinga skal finansiera seg sjølv. Stader der det er betalt parkering er gebyra på 300 kroner ved brot på reglane, der det er gratis å parkera er det dyrare å stå for lenge. I Os blir gebyra på 500 kroner, som er standard storleik, fortel Renate Iversen.

Iversen er leiar for Os Sentrum og engasjert av Os kommune til blant anna prosjektet med handheving av parkeringsreglane i Os sentrum.

28 søkjarar
Før fristen gjekk ut onsdag 6. oktober kom det inn bra med søkjarar på stillinga som parkeringsvakt.

- Vi landa på 28 søkjarar, jamt fordelt på kjønn, men med bra sprang i alder, frå 19 til 61 år, fortel Renate.

- Den eller dei som får stillinga skal få både kurs og praktisk opplæring. Første del av kurset er nettbasert, den praktiske delen vil bli i samarbeid med Bergen parkering og oppfølgande kurs i løpet 2011.

Nok med éin vakt?
Om det blir éi stilling på 100 prosent eller to på 50 prosent er ikkje avgjort. Jobben deira blir å handheva parkeringsreglane først og fremst i Os sentrum, men heile kommunen blir ansvarsområde.

- Voss har fire parkeringsbetjentar, i tillegg har dei éi stilling til å administrera. Vi har fleire innbyggarar, men mindre trafikk og turisme, likevel skulle vi nok hatt 1,5 stilling, trur Renate Iversen.

- Men utgangspunktet er veldig bra. Det viktigaste er å gjera forholda i sentrum betre. Med fokus på å finna parkeringsplassar til både pendlarar og tilsette ved bedrifter i sentrum er mykje løyst, i tillegg vil nok handhevinga av 2-timarsregelen gjera det endå enklare å finna parkeringsplass i sentrum.

- To 50-prosentstillingar kan også vera ei fornuftig stilling, sånn at vi har folk i sving om ein av dei er sjuk.

Treng nye skilt
Intervjurunden med søkjarane på stillinga som parkeringsvert er i gong, men før den eller dei som får jobben kan byrja må skiltinga i sentrum oppdaterast.

- Då Norpark var med på synfaring såg dei at mangelfull skilting gjer det vanskeleg å handheva reglane, seier Renate Iversen.

Eit eksempel er plassen utanfor NAV, som ser ut som eit gatetun, men har to plassar for rørslehemma. Resten av plassen er ikkje for parkering, men den er heller ikkje skilta, noko som er med på å gjera at det ofte står bilar feilparkert.

- Dette er ein privat plass, men likevel ein del av sentrum, og vi er alle tent med at reglane er tydelege for bilistane. Det vil derfor være viktig med en god dialog mot de private aktørene i sentrum, slik at vi ikke bare forflytter problematikken, men faktisk løser den.

Nokre gater kan dessutan få nye reglar. For Brugata (utanfor Posten, apoteket og G-Sport) har det vore drøfta både einvegskjøring og 30-minuttarsparkering.

- Nett no sit eg med planlegging av vintervedlikehaldet i Os, men eg skal sjå på saka med oppgradering av skilting saman med Vegkontoret, seier Arne Håkon Rød frå Os kommune.

Får fleire P-plassar
Med ny skilting og ny merking blir det fleire parkeringsplassar i Os sentrum. I tillegg har arbeidet med utviding av parkeringsplassen ved Kyrkjetunet starta. Teigen-tomta skal opparbeidast, noko som vil gje rundt 30 nye plassar.

- Til saman kjem vi til å få cirka 100 fleire parkeringsplassar i Os sentrum, da forutsetter det at vi får gjennomslag for en 30 minutters parkering og enveiskjøring i Brugata, seier Iversen.

Langtidsparkering og pendling
I utkanten av sentrum, som ved Os stasjon (51 plassar), Kløvertun (36 plassar) og ved gamlebadet (30, skal utvidast til 50) skal det framleis vera gratis å parkera, også om du står meir enn to timar.

- Men dette er ikkje pendlarparkering, så her skal det skiltast med klokkeslett som gjer det vanskeleg for dei som skal nå ein tidleg buss eller henta bilen seint om ettermiddagen. Desse må finna seg ein annan plass fram til ny pendlarparkeringsplass er bygd.

- Det er ikkje bestemt kvar denne skal koma, men førebels peiker nabotomta til Rema 1000 Kuvenstasjon seg ut som best eigna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.