Kultur | 01. mai 2021

Ny runde med Ti på Topp

I Bergen er konkurransen ein stor suksess - no vil arrangørane gjera eitt nytt forsøk i Bjørnafjorden.

Ny runde med Ti på Topp
Trudi Jemine Schrøder Aaltvedt er ansvarleg for Ti på Topp Bjørnafjorden. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 01. mai 2021 09:09

Denne helga er det oppstart for «Ti på Topp Bjørnafjorden».

Den app-baserte tur-konkurransen er det Bedriftsidretten Vestland som står bak. I fjor kunne du lesa om då aktivitetskoordinator, Trudi Jemine Schrøder Aaltvedt, lanserte Os-utgåva.

Ti på Topp-konseptet er i utgongspunktet mynta på bedrifter, men du kan delta som enkeltperson, familielag, venelag eller - som bedrift.

– Poenget er at folk gjerne treng ulike motivasjonsfaktorar for ta steget ut på tur. Vi har eit enkelt poengsystem, og for nokre er dette ein fin premie og motivator sa Aaltvedt då.

No som Bjørnafjorden

Sidan sist har konkurransen byta namn til Ti på Topp Bjørnafjorden, og denne gongen er det også med turmål i Fusa.

I førre veke var Aaltvedt tilbake i Os, både for å få plass dei siste turmåla, og ikkje minst prøva å få skapa meir blest rundt konkurransen.

– I fjor landa vi på totalt 27 deltakarar. Dette er vi sjølvsagt veldig glade for, men det er samstundes ikkje å stikka under ein stol at dette er langt lågare enn forventa. Vi har jo fått med oss den tur-gleda og suksessen Bjørnafjordtrimmen opplever, og det står i alle høve ikkje på interesse og flott natur å velja i for innbyggjarane i Bjørnafjorden.

Til samanlikning kan Aaltvedt fortelja at Ti på Topp Bergen i fjor kunne notera seg deltaking frå heile 30 bedrifter, og deltakartalet passerte 800 personar.

Vil så gjerne lukkast

I dag vil konkurransen offisielt opna, og allereie no har Aaltvedt notert seg ein del påmeldingar.

Etter eit godt stykke arbeid med gps-sporing av alle turane og oppsøkjande arbeid for å få med lokale bedrifter, fortel Aaltvedt at ho håpar på auka interesse frå bjørnafjordingane.

– Eg skulle så gjerne sett ei stor interesse for Ti på Topp Bjørnafjorden, men samstundes kan du jo melda deg på kor tid som helst dei neste seks månadane.

– Men kva er det som gjer at folk bør melda seg på nettopp denne appen, og kva er det som eventuelt skil den frå til dømes Bjørnafjordtrimmen som opplev stor interesse?

– Eg vil seia at vi har turmål som vil passa alle typar turgåarar. Ekstra spanande er kanskje at vi i år har med heller krevjande turar som Svéningen i Os og Gjønakvitingen i Fusa. Samstundes har vi dei meir enkle måla som til dømes Knutabruo.

– I tillegg har vi lagt opp til at det skal vera lett å finna dei ulike turmåla. Du vil finna god informasjon om tilkomst med kollektivtransport, og alle turmåla er godt beskrivne. Nyttar du digitale hjelpemiddel kan du lett følgja gps-sporinga vi har lagt inn i appen.

14 mål å velja mellom

Dei siste vekene har Aaltvedt med jamne mellomrom lansert det som totalt blir 14 ulike turmål i Bjørnafjorden.

– Med å få med turmål frå Fusa-delen av den nye kommunen ønskjer vi å treffa endå breiare.

– Vi har lagt inn fleire turmål enn i fjor, og skal du sikra deg deltakarpremie må du registrera deg inn på minst 10 av måla. For dei yngste og for dei eldste vil sju mål kvalifisera til premie.

Dette er dei ulike turmåla:

  • Rypeheiane
  • Storhorga (Fusafjellet)
  • Liafjellet
  • Møsnuken
  • Linken
  • Osvidda/ Svéningen
  • Høglikampen
  • Knutabruo
  • Raudlistova
  • Skogafjellet
  • Svartevatnet
  • Borgafjellet
  • Gjønakvitingen
  • Rødsfjellet

Kan koma til å forsvinna

Aaltvedt er fortel på at tilbodet frå Bedriftsidretten Vestland kan koma til å forsvinna eller bli sete på pause om ikkje interessa blir stor nok.

– Ja, det er jo ein del ressursar som går med til dette, og det er eit økonomisk reknestykke som òg må balanserast til slutt.

Målet for med heile prosjektet er aukt fokus på arbeidsmiljø, og det ville uansett vera synd om vi ikkje kan satsa vidare på å tilretteleggja for gode turopplevingar i Bjørnafjorden i åra som kjem. No satsar vi uansett friskt dei neste seks månadane, og så får vi ta status etter det.

Perfekt for dei med heimekontor

Ti på Topp Bjørnafjorden får hjelp av fleire frivillige, som til dømes Thor Arne Solberg.

– Solberg er ein av fleire som legg ned mykje arbeid og timar for å bidra til gode og trygge turopplevingar i Bjørnafjorden. Fleire av årets turar er gps-tracka og kvalitetssikra av Solberg, fortel Aaltvedt.

Solberg sjølv meiner det er plass til både Bjørnafjordtrimmen og Ti på Topp i kommunen.

– For meg som driv med tur som yrke er det jo ingenting betre enn å sjå at folk kjem seg ut på flotte turar i heimkommunen. Samstundes skil desse to konkurransane seg litt frå kvarandre.

– Ti på Topp er eigentleg heilt ideell for bedrifter som til dømes har opplevd mykje bruk av heimekontor dei siste 14 månadane. Her kan du du jo kombinera det å vera sosiale saman, på ein trygg måte, med det å vera fysisk aktive. At Ti på Topp i tillegg er ein konkurranse kan lett bli transformert til ein konkurranse mellom avdelingar på arbeidsplassen eller mellom ulike bedrifter.

Mountain Adventure-gründar Thor Arne Solberg har vore med å kvalitetssikra fleire av turmåla i årets versjon av på Topp Bjørnafjorden. (Arkivfoto: KOG)
Mountain Adventure-gründar Thor Arne Solberg har vore med å kvalitetssikra fleire av turmåla i årets versjon av på Topp Bjørnafjorden. (Arkivfoto: KOG)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.