Ny siger mot Stord
Volleyballdamene til Søre Neset med ny tøff kamp mot Stord og to nye poeng.
Måndag kveld tok Søre Neset imot Stord til returoppgjer heime i Nore Neset hallen. Sist dei to laga møttest, i midten av november, blei det den deiligaste sigere på mange år. http://www.midtsiden.no/deilig-maktdemonstrasjon
– Vi var førebudd på nok ein tøff kamp mot Stord. Då vi møtte dei der nede blei det fem sett kor vi vann 17-15 i siste sett, og jammen blei det like spennande denne gongen, fortel Morten Asphaug, assistenttrenar på Søre Neset.
Søre Neset - Stord 3-2
(25-23, 25-18, 16-25, 12-25, 15-13)
Søre Neset tek kontroll over kampen frå start, men så sviktar det.
– Vi vinn dei to første setta og speler komfortabel. I det tredje settet held vi fram til det står 12-12, då blir det ein kollektiv svikt frå samtlege på banen og benken, forklarar Asphaug.
Den mentale svikten held fram i fjerde sett, før dei reiser seg i siste settet.
– I det fjerde settet heng vi ikkje med. Når vi kjem til femte og avgjerande sett, så klarar vi endeleg å samla tankene og finna tilbake til spelet vårt. Det blir ei enormt spennande avslutning kor vi går sigrande ut og tek med oss to veldig viktige poeng i kampen om 4. plassen, som per no ser ut til å stå mellom oss og Stord, avsluttar Asphaug.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.