Sport | 02. jan. 2012

Ny sjef på golfbanen

Eivind Hodneland overtar roret etter Erik Just-Olsen og blir dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb.

Ny sjef på golfbanen
Påtroppande dagleg leiar Eivind Hodneland (t.v.) saman med styremedlem Harry Skage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. jan. 2012 21:46

I mars i fjor fortalte Erik Just-Olsen at han ville takka av etter 12 år som dagleg leiar for Bjørnefjorden Golfklubb.

– Vi var litt overraska, og sidan vi var midt i sesongen ville vi ikkje erstatta han med det same, fortel styremedlem Harry Skage.

Just-Olsen jobba ut oppseiingstida si, altså fram til sommaren. Sidan har dei to andre fast tilsette, head greenkeeper Per-Ove Bahus Lysvold og Susan "Susie" Heggland drive klubben.

– Dei har gjort ein kjempejobb, men no før årsskiftet såg vi at vi burde få på plass ein ny dagleg leiar, så denne kjem i gang før høgsesongen 2012.

Erfaren spelar

Stillinga blei lyst ut og klubben fekk fire kvalifiserte søkjarar. Valet falt på Eivind Hodneland (40).

Hodneland har vore medlem i klubben nesten heilt frå start, og har medlemsnummer 221.

– Eivind er nok ein av dei beste klubben kunne fått tak i, meiner forgjengaren, Erik Just-Olsen.

Styreleiar Gerda Bøe er einig, og seier ho har tru på Eivind som type og ideane hans, og set også pris på at han er ein erfaren golfspelar.

– Vi var veldig glade då han takka ja til jobben.

Frå byggebransjen

Den nye sjefen i golfklubben har lang fartstid i byggebransjen. Det siste året har han jobba for Bygger'n Norge, før det var han i over 10 år dagleg leiar i Os Byggsenter, Noregs nest største Bygger'n-forretning (som til våren skiftar kjede til XL-Bygg).

– No ser eg fram til å leva av golf, ler Eivind.

– Dette er ein jobb eg har hatt lyst på lenge, og då Just-Olsen sa opp bad eg styret om å tipsa meg om dei skulle lysa ut stillinga.

Eivind blei tipsa og søkte. Før nyttår fekk han jobben.

– Gutane blei kjempeglade

Mindre reise og det å kombinera jobb og hobby er blant det Hodneland ser fram til når han startar i den nye stillinga.

– Det blei travelt og mykje reising i den førre jobben. Her blir det nok også travelt, det er ikkje noko ni til fire-jobb, men eg slepp å sitja fast grunna ras i Hardanger, eg er heime i Os i fantastiske omgjevnadar når eg er på jobb.

Den aktive trebarnsfaren fortel også om god respons i heimen då han hadde fått ny jobb.

– Gutane blei kjempeglade! Dei kjem nok til å trakka endå meir her oppe no.

Vil rekruttera med raske rundar

Rekruttering og pleie av eksisterande medlemmar står øvst på lista over oppgåvene som ventar Hodneland.

– Eit godt anlegg og eit godt miljø er viktig når det kjem til det å halda på medlemmane, og der er vi veldig flinke folk, frå greenkeeper og Susie i klubbhuset til instruktørar og det gode miljøet medlemmane imellom, unge som vaksne.

To dårlege somrar på rad har fått den samla mengda golfspelarar i Noreg til å gå ned med 5000 personar. Også i Os har medlemstalet vore høgare enn dei rundt 700 klubben har i dag.

– Her trur eg tida kan vera viktig, derfor vil eg jobba for at vi får ein rask 9-holsbane. Eg vil gjera det enklare å koma opp her og ta eit raskt slag golf, rett og slett.

Kjekkare for nye

Ikkje alle reisene Hodneland har hatt tidlegare har handla om byggevarer, han har også vore på tur for å spela golf.

– Eg har notert meg nokre idear andre har gjennomført. Eg har også sete på den andre sida av bordet, og hatt med meg kundar eller andre kontaktar på golfbanen her i Os og andre stadar.

– Då har det gjerne vore saman med folk som ikkje har spelt før, eller som har spelt lite. Likevel har vi lagt opp reglane på ein måte så det har blitt kjekt for alle, og eg kan lova deg at dei hugsar dei beste slaga sine!

Å få bedrifter på banen blir blant målsetnadane hans, samstundes er han opptatt av det sportslege.

– Klubben har fostra fleire gode golfspelarar, og det ser vi ut til å halda fram med. Det ser lovande ut nedover i alderstrinna, med svært godt miøjø og talentutvikling blant juniorane våre.

Hodneland blir i gamlejobben ut oppseiingstida på tre månadar, men kjem til å engasjera seg i klubben på fritida fram til han er klar for formell start på Bjørnefjorden Golfklubb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.