Lokal | 12. mai 2009
Ny snarveg?
Statens vegvesen meiner det er kortare frå Os til Strøno enn til Hagavik.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. mai 2009 15:28
Nye skilt har kome opp i krysset mellom Ulvenvegen og Industrivegen. Dei fortel kva retning du skal kjøra om du vil til Strøno, Hagavik eller ned til E39. Men avstandane har dei truleg rota litt med.
På skiltet til Hagavik står det nemleg 7 kilometer, medan Strøno ifølgje skiltet berre ligg 4 km unna.
Midtsiden.no har førebels ikkje fått tak i vegvesenet, men kjem tilbake med kommentar (eller eit tips til kvar den nye snarvegen går).