Sport | 21. apr. 2019

Ny spenst i IL Øyglimt

Inviterte til trampett - fekk 66 deltakarar.

Ny spenst i IL Øyglimt
Henrik Nordahl-Pedersen har vakse opp med turn i Øyane og trampet i Os. No leiar han ei ny avdeling av IL Øyglimt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. apr. 2019 09:15

Bildeserie:

Her er over 50 av trampetten sine 66 medlemmar. (Foto: KVB)
Her er over 50 av trampetten sine 66 medlemmar. (Foto: KVB)
Henrik har fått med seg 7 instruktørar. (Foto: KVB)
Henrik har fått med seg 7 instruktørar. (Foto: KVB)
I haust tok han sikringskurs, noko fleire skal ta i neste runde. (Foto: KVB)
I haust tok han sikringskurs, noko fleire skal ta i neste runde. (Foto: KVB)
Øyglimt har investert i mykje nytt utstyr. (Foto: KVB)
Øyglimt har investert i mykje nytt utstyr. (Foto: KVB)
... for å skapa nye atletar. (Foto: KVB)
... for å skapa nye atletar. (Foto: KVB)
Preben og Maj-Linn er med som instruktørar. (Foto: KVB)
Preben og Maj-Linn er med som instruktørar. (Foto: KVB)
Dei 66 medlemmane er delte i to grupper. Her i oppvarming med eldste parti. (Foto: KVB)
Dei 66 medlemmane er delte i to grupper. Her i oppvarming med eldste parti. (Foto: KVB)
Til hausten må kapasiteten kanskje aukast. (Foto: KVB)
Til hausten må kapasiteten kanskje aukast. (Foto: KVB)
1 av 8

IL Øyglimt, som i 2017 fylte 40 år, var tidleg ute med turn, med grunnleggar Morten Nordahl-Pedersen som instruktør.

Då sonen Henrik Nordahl-Pedersen blei spurd om å starta ei trampett-gruppe, brukte han ikkje lang tid på å svara ja.

– Det er ei stund sidan idrettslaget har hatt turn, no er det mest handball og fotball. Men turn og trampett gir, i tillegg til å vera kjekk idrett i seg sjølv, god spenst og koordinasjon som supplement til annan idrett, synest Henrik.

I barndomen gjekk han frå turn med faren og Anders Fagerthun i Øyglimt vidare til trampett med Nils Petter Pedersen i Os Turnforening. Der blei han verande i 6-7 år.

Kurs og utstyr

Henrik har tidlegare vore styremedlem i IL Øyglimt. I fjor tok ei mor kontakt for å høyra om han ville bli instruktør viss idrettslaget ville starta med trampett.

– Eg takka ja og vi byrja planlegginga. I haust tok eg sikringsskurs hos Hordaland turnkrets, noko som er lovpålagt, i tillegg fekk eg med meg fleire instruktørar. Minst tre av desse har gått på trampett før, éin av dei har sikringskurs frå før og fleire skal ta kurset seinare i år.

IL Øyglimt fekk 50.000 kroner i KUP-midlar til kjøp av utstyr, og har i tillegg investert endå meir sjølv.

Enorm respons

I vinter kom utstyret på plass, og første trening kunne starta.

– Vi var på førehand overvelda over kor mange som viste interesse via Facebook, og håpa på 20 til 25 på kvar av dei to aldersinndelte gruppene.

– Men det dukka opp endå fleire, fortel Henrik.

No er det 27 medlemmar på yngste parti (1. til 3. klasse) og 39 på eldste parti (4. klasse og opp).

– Det er i hovudsak ungar frå vår krets, men med nokre får frå Os, med tilknyting til Øyane.

Dei har starta med to grupper éin dag i veka, men har fått signal om at ganske mange av dei som startar i 1. klasse til hausten òg vil byrja på trampett.

– Vi har førebels ikkje snakka om korleis vi kan utvida kapasiteten, men vi ser at behovet kan koma. Førebels gler vi oss over responsen, og over kor kjekt det er å koma i gang med ny idrett og nytt utstyr i gymsalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.