Politi | 27. sep. 2021

Ny tittel frå i dag

Vedtaket frå i vår får konsekvens frå i dag.

Ny tittel frå i dag
Oddbjørn Dyrdal, her på opninga av nytt kontor på Moberg, er ikkje lenger lensmann. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. sep. 2021 12:09

Frå i dag, måndag 27. september, går Vest politidistrikt vekk frå omgrepa «lensmann» og «lensmannskontor» til fordel for kjønnsnøytrale «politistasjonssjef» og «politistasjon».

Det betyr at politistasjonen på Moberg først i dag er ein politistasjon.

Oddbjørn Dyrdal er ikkje lenger lensmann, men politistasjonssjef.

– Etter vedtaket i Stortinget i vår, om å gå over til meir kjønnsnøytral tittel, har det vore noko uvisse om kva tittel som gjeld frå kva tid, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding i dag.

For å sikra at politiet er tydeleg har politimeisteren bestemt at endringane trer i kraft frå i dag.

Det er starta eit arbeid for å endra skilting av bygg og namnenedring på nettsider, i tillegg til endringar i lovverket. Dette arbeidet pågår framleis.

  • Lensmann heiter fra no av politistasjonssjef
  • Lensmannskontor heiter no politistasjon
  • Lensmannsdistrikt heiter no politistasjonsdistrikt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.