Lokal | 12. nov. 2009

Nye 36 millionar

I går gjekk Grindavoll-Lepsøy gjennom første av tre utval, i tillegg kjem fullfinansiering med i innstillinga.

Nye 36 millionar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. nov. 2009 08:51

Det blir lagt opp til investeringar på vel 6,4 milliardar kroner i fylkesvegar i Hordaland i 2010-13, inkludert Bybanen i Bergen. Investeringane skal finansierast med 2.367 millionar i fylkeskommunale midlar og 4.060 millionar kroner i bompengar, forskot og tilskot.

I førre veke skreiv vi om midlar til utbetring av vegen mellom Grindavoll og Lepsøy. I fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan for 2009 til 2013 ligg strekninga inne med 20 millionar kroner i 2013.

20 millionar er mykje pengar, men ikkje så mykje når det er snakk om veg.

Yttarlegare 36 millionar
I går var saka oppe i samferdsleutvalet, og der blei også vidare finansiering diskutert.

- Vi gjekk inn for fullfinansiering, med 20 millionar kroner i 2013 og yttarlegare 36 millionar i åra etter, seier leiar for utvalet, Gustav Bahus (Frp).

- Kvar er summane henta frå?

- Dette er frå grove anslag, men eg kan ikkje sjå at arbeidet skal koma til å kosta meir. Uansett blir det, viss det går gjennom dei to neste rundane, fullfinansiering, seier Bahus.

Saka skal opp i fylkesutvalet og fylkestinget (8. - 9. desember) før det er endeleg bestemt.

Kva med naboane langs vegen?
Langs vegen mellom Hagavik Hjemmebakeri og krysset ved Kongshaug på Lepsøy er det mykje landbruksareal og private eigedomar. Bahus trur likevel ikkje det skal bli problem å få plass til vegutbetring, gang- og sykkelsti.

- Det er godkjent reguleringsplan for planane med vegen. Dessutan trur eg dei som bur i området er interessert i både trafikktryggleik og betre tilkomst til eigen eigedom.

Med betre veg opnar det seg kanskje også for frigjering av tomteareal. Då skal i alle fall ikkje vegstandard vera til hinder.

Les meir om fylket si satsing på veg dei neste åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.