Korona | 19. nov. 2021

Nye koronatiltak i Bjørnafjorden kommune

For å få bukt med smitteutviklinga i regionen vår, innfører Bjørnafjorden, Bergen og omegnskommunane felles forskriftsfesta koronatiltak.

Nye koronatiltak i Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden rådhus. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 19. nov. 2021 13:50

Forskrifta gjeld frå og med måndag 22. november til og med måndag 20. desember 2021.

Dette er dei nye tiltaka:

Påbod om registrering av gjester på skjenkestader, restaurantar, kafear og kantiner. Kontaktopplysningane skal berre brukast dersom det skulle bli nødvendig med smittesporing.

Påbod om å bruke munnbind innandørs på følgjande offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand: butikkar, fellesareal på kjøpesenter, kollektivtransport, innandørs stasjonsområde og taxi.
Krav om munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, eller for dei som av medisinske årsaker ikkje kan bruke munnbind.

I tillegg anbefaler vi bruk av munnbind på andre offentlege stader og arrangement kor det er vanskeleg å halde avstand.

Halda hjula i gang

– Vi innfører desse tiltaka slik at vi forhåpentlegvis kan halde samfunnet ope og hjula i gang, også i tida framover. Helsevesenet er under sterkt press, og no må vi alle saman bidra for å unngå å auke dette presset. 

– I tillegg må vi beskytte dei eldste og mest utsette blant oss, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Ordførar, kommuneoverlege og kommunedirektør i Bjørnafjorden har hatt hyppige møte med Bergen og omegnskommunane, Statsforvaltaren og dei regionale helseføretaka dei siste dagane.

– Vi ser at presset på helsetenesta og smittetrykket er ei felles utfordring i regionen. Vi står samla med Bergen om dei nye koronatiltaka og forskrifta blir også innført i Alver, Askøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden, seier ordførar Lindborg.

Ta vaksinen!

– Eg vil òg oppmode alle til å ta imot tilbod om koronavaksine. Dersom du enno ikkje har tatt første dose, er det no verkeleg på tide. Vaksinen beskyttar godt mot både smitte og utvikling av alvorleg koronasjukdom.

Også alle over 65 år blir oppmoda om å ta imot tilbodet om både influensavaksine og tredje dose koronavaksine.

– Vaksinen kan du ta hos fastlegen eller på ein av massevaksinasjonsstasjonane vår, seier ordførar Trine Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.