Kultur | 27. juli 2017

Nye smakar på Osøyro

Butikken Exotic Food opna i dag.

Nye smakar på Osøyro
Aljafra Baker fekk på plass grønsakene i dag, ein halvtime før opning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. juli 2017 12:43

Bildeserie:

Camilla Jacob var første kunde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Camilla Jacob var første kunde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sarawong gler seg over utvalet varer frå Thailand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sarawong gler seg over utvalet varer frå Thailand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lokalet er fylt frå golv til tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lokalet er fylt frå golv til tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Camilla Jacob var første kunde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sarawong gler seg over utvalet varer frå Thailand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lokalet er fylt frå golv til tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I starten på juli blei restauranten Aroydee stengt, og det blei klart at ny leigetakar ville opna butikk, seinare også med sal av varm mat.

– Eg har fått god hjelp, heile familien har vore i sving, seier innehavar, palestinske Aljafra Baker.

Kvar ettermiddag og kveld har gått med til innreiing av lokalet, med hyller frå golv til tak.

– Heldigvis kom eg i mål og fekk opna no, i slutten av juli, som planlagt.

Klokka 13.30 i dag kom dei ferske grønsakene som skal stå i hyllene som pryder fasaden, klokka 14 var det opning.

Frå fleire nasjonar

Baker reknar med at krydder, oljer og sausar blir blant dei viktigaste varene. Frysen er fylt med kylling, scampi og calamari.

– Vi får òg inn ulike typar halal-kjøtt, kylling, lam og okse. Det er viktig varegruppe for oss muslimar.

Elles spenner vareutvalet frå tyrkisk kjeks og kaffi til sausar frå Thailand.

– Eg vil justera på utvalet etterkvar som eg blir kjent med marknaden i Os. Eg har allereie fått ønske om varer frå ulike land i Aust-Europa.

• Les òg: Kva land kjem innbyggarane i Os frå? (statistikk)

– Meir frå Thailand

Dei tre første som besøkte butikken, allereie før opningstid, er ei jente frå Thailand og eit søskenpar som er halvt palestinsk.

– Vi har vakse opp på Tysnes, også med mykje palestinsk mat, og bur no i Os. Det er veldig kjekt å få ein sånn butikk i heimbygda. Det er ikkje sånn at vi har reist mykje til Bergen for å handla, men eg liker sånne butikkar, og her får eg litt av den maten vi har fått i oppveksten, seier Camilla Jacob.

Ratchanok Sarawong frå Thailand seier ho med ny butikk sparer fleire turar til Bergen.

– Det er ein del vietnamesisk mat i Os frå før, men den er noko ulik thailandsk mat. Her er varer eg bruker dagleg, og sidan innehavar ber meg koma med ønskje så skal han få ei lita liste over andre varer vi frå Thailand ofte kjøper, seier ho.

Sal av varm mat kjem seinare, Baker vil ha butikken i gang og må, som ny leigetakar, på nytt søka om godkjenning på kjøkkenet som Aroydee brukte frå 2012 til i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.