Korona | 09. jan. 2022

Nye tal presentert av VG: Risiko for uvaksinerte og vaksinerte

Graf per aldersgruppe viser store forskjellar.

Grafen gjeld for aldergruppa 45 til 64 år. For dei to aldersgruppene over er forskjellen langt større. (Ill.: VG. Kjelde: Kilde: FHI, BeredtC19, MSIS, SYSVAK).
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. jan. 2022 09:30

Den siste tida har FHI fleire gongar påpeikt at alvorleg covid-19 i hovudsak no rammar svært gamle fullvaksinerte personar og middelaldrande uvaksinerte personar.

Sjølv om 92-93 prosent av vaksne nordmenn er vaksinerte, er no over halvparten av dei innlagte på sjukehusa uvaksinerte.

(Om 100 prosent av Noregs befolking var vaksinert, ville 100 prosent av dei innlagde vore vaksinert).

Nye tal presenterte med ulike grafar av VG i går, illustrerer tala.

18-44 år: 14x høgare risiko
45-54 år: 16x høgare risiko
65-74 år 22x høgare risiko
75+: 20x høgare risiko

VG understreker at grafane berre gir ein indikasjon på kor stor risikoen for alvorleg sjukdom er for fullvaksinerte og uvaksinerte.

For det kan vera andre grunnar enn vaksinasjon til at tala er ulike for desse gruppene, for eksempel om uvaksinerte og vaksinerte oppfører seg forskjellig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.