Meining | 03. mai 2022

Nye tider for flyktningar i Bjørnafjorden?

Dette må ikkje bli eit mellombels anfall av godheit.

Leiar i Bjørnafjorden Venstre, Kristian Notland Harnes. (Foto: Ole Henning Bøe)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. mai 2022 05:14

Debattinnlegg:

I ei god tid framover vil Bjørnafjorden kommune ha behov for utbygde tenester og meir personale til å ta imot flyktningar.

Gledeleg nok har mottakinga av ukrainske flyktningar brei lokalpolitisk støtte.

Vi ser ut til å gå frå ein situasjon der kommunen har tatt imot langt færre flyktningar enn andre i Noreg, til å klatre opp til landsgjennomsnittet.

To tiår med Os som utstillingsvindauge for ein restriktiv flyktningpolitikk kan sjå ut til å vere over.

Ill.: Kristian N. Harnes basert på tal frå SSB

Dette må ikkje bli eit mellombels anfall av godheit.

I staden må vi gripe moglegheita til å bygge infrastruktur og kompetanse på mottak, inkludering og integrering.

Bjørnafjorden Venstre ønsker ein flyktningpolitikk der vi møter fleire menneske i vanskelege situasjoner med empati, psykososial støtte, praktisk hjelp - og ikkje minst med arbeid.

Både lokalsamfunnet og storsamfunnet har godt av å opne seg mot andre kulturar.

Den politiske semja om flyktningar frå Ukraina kjem av at partiet lengst til høgre har definert det hovudsakleg kristne Donbas som nærområde.

Den geografiske avstanden frå Noreg til krigsområda i Ukraina er om lag den same som til det muslimske Kosovo. Men for 23 år sidan rekna ikkje Frp Balkan som nærområde.*

Bjørnafjorden har no sjansen til å bli utstillingsvindauge for eit anna menneskesyn. Venstre vil la menneske vere menneske, uavhengig av kilometrar, kultur, hudfarge, legning og religion.

*I 1999 fremma FRP ved Carl I Hagen forslag om å ikkje ta imot 6000 flyktninger fra Kosovo og heller hjelpe dei i nærområda. Link til diskusjon i Stortinget fra 1999.

Kristian N. Harnes
leiar, Bjørnafjorden Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.