Nye utstillingar
Ho har bakgrunn som illustratør, Gunvor Rasmussen som laurdag har vernissasje på Vedholmen.


Laurdag er det vernissasje i Vedholmen Galleri. Utstillinga blir opna (kl 14) av arkitekt Andreas Grieg frå Grieg Arkitekter, byrået som blant anna har teikna Oseana.
Peter Marron, som driv galleriet saman med kona Vibeke Harild, stiller ut både foto og nye fiskeskulpturar.
- Nokre av dei er bisarre, nesten med menneskelege trekk. Soleis står skulpturane godt til gjesteutstillaren vår Gunvor Rasmussen sine verk, seier Vibeke.
Ung illustratør
Bergensaren Gunvor Rasmussen (28) er utdanna i illustrasjon ved Central St. Martins i London og i visuell kommunikasjon og bevegeleg grafikk ved Kunsthøgskolen i Bergen.
Ho har jobba som illustratør for blant anna Bergens Tidende, og i 2007 debuterte ho som barnebokillustratør i "Godnattboka", med forteljingar på nynorsk. Oppfølgjaren "Eventyrboka" kom no i september.
- Rasmussen har ein karakteristisk strek, mykje henta frå teikneseriesjangeren. Ho brukar mykje humor i arbeidet sitt, som vanlegvis er utført i akvarell og blekk, fortel Vibeke.
Gunvor har kontor på Bryggen i Bergen, der ho ligg og vakar ein stad mellom kunst og design.