Næringsliv | 29. apr. 2020

Nystrigla Peppes opnar igjen til helga

Stengde 2 av 3 restaurantar, fekk vekst med den eine.

Nystrigla Peppes opnar igjen til helga
Peppes opnar som nymalt og nyspylt fredag. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. apr. 2020 08:38
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Fredag 13. mars sendte dei permitteringsvarsel til alle 16 tilsette, måndag blei dørene på Peppes Pizza på Os «korona-stengt».

På arbeidarane sin dag fredag blir kjem dei første Peppes-arbeidarane tilbake i jobb.

– Vi opnar både restarant, uterestaurant og utkøyring igjen. Utkøyring kan gjennomførast med kontaktlaus betaling, via nett på forhånd, som er nytt hos oss, seier Chantel Merchant Sunde hos Peppes på Os.

– Utkøyringa er dessutan gratis i ein periode framover, legg ho til.

Halverer til 70 sitjeplassar ute

Eigar av driftselskap og bygning, Fredrik Wagner-Larsen sitt firma Wala Gruppen AS, har brukt den sju veker lange koronapausen til utvendig vedlikehald.

– Vi har leigd inn eit firma til å mala bygget, og uterestauranten er høgtrykkspylt og klar for sommar. I starten halverer vi frå 28 til 14 bord utandørs, og skil av gruppene med nyinnkjøpte blomekassar, seier Wagner-Larsen.

Fekk vekst med den nyaste restauranten

Wagner-Larsen starta Peppes Pizza Voss i 2011. Seinare kjøpte dei Peppes på Nesttun, som i november 2018 blei flytta frå sentrumskjerna på Nesttun til nyinnreidd lokale bak Deli de Luca/Esso i Skjoldskiftet.

– Mens vi stengde på Os og Voss heldt vi fram med utlevering og utkøyring frå Peppes på Nesttun. Denne restauranten var stor på utkøyring frå før, og omsetnaden vaks i april i år samanlikna med april 2019.

Wagner-Larsen opna ny Peppes på Nesttun i november 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Wagner-Larsen opna ny Peppes på Nesttun i november 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

På Os har Peppes 3 bilar, på Nesttun er det 7 bilar i drift.

– Systemet med førehandsbetaling på nett er noko Peppes-kjeda har jobba med ei stund. Då koronakrisa sette inn fekk kontaktlaus betaling høg prioritet og kom raskt på plass.

– No har vi gratis utkøyring fram til 10. mai, så får vi sjå om vi forlenger perioden etterpå. Vi gler oss først og fremst til å få folk tilbake i jobb, og å sjå gjestar igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.