Nystrigla sentrum
Torsdag kveld blei Os sentrum pynta med 680 nye blomar.


Vårdugnad er ikkje sjeldan vare, verken i Os sentrum eller andre stadar. Men i år har Os Sentrumsforening i samarbeid med Os kommune gjort ekstra mykje ut av vårreingjeringa.
- Det er lenge sidan Os sentrum har vore pynta så fint som dette, seier eigedomsforvaltar Kari Fjeldstad.
Ho har ikkje berre vore med på planlegginga, torsdag kveld stilte ho til dugnar saman med Rune Rosvold og 14 damer frå butikkar på Øyro.
8 x 85 blomar
Onsdag kveld gjorde Os brannvesen ein kjempeinnsats med å spyla gatene reine. Frå klokka 20 og nesten fram til midnatt. Torsdag var det duka for pynting.
- Eksisterande planter og blomar har fått stell. I tillegg fann vi bilde av ulike tettstadar på internett, og såg desse fine blomepyramidane, fortel Kari.
På Torget og ute ved vegen mellom rundkjøringa og brua blir det montert og planta i til saman åtte plast-tårn.
- Vi lurte på å planta jordbær, men fekk ikkje tak i planter. Kanskje kjem det seinare, så folk kan plukka litt medan dei er på tur i sentrum.
"Litt ditt?"
No håpar sentrumsforeininga og kommunen at osingane hjelper til med å ta vare på dei nye blomepyramidane. Litt som i Norvegia-reklamen.
- Blomane har vi kjøpt hos Lyssand Gartneri, og til hausten skal Lyssand ta pyramidane inn. Neste år har dei stått under tak nokre veker før vi tar dei ut - så dei bugnar frå start!