Vêret i Os | 15. feb. 2023

Nyt helga - neste veke blir våt

Fram til onsdag neste veke kan det komme mellom 100-150 mm nedbør fleire stadar.

Nyt helga - neste veke blir våt
Utsikt frå Mobersneset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 15. feb. 2023 13:01

Meteorologane melder mykje nedbør på Vestlandet fredag og i starten på neste veke.

Det kan koma mellom 100-150 mm nedbør fram til neste onsdag.

– Vêret blir prega av lågtrykksaktivitet frå Atlanterhavet, skriv dei på Twitter.

Her i Os kjem det også mykje nedbør, men til helga vil sola titta fram.

pent.no viser vermeldinga at det blir sol med lett skydekke heile laurdagen.

Søndag blir det opphaldsver men skyete. Så kjem regnet tilbake frå søndag kveld.

Skal du på fjellet?

Om du skal på fjellet i helga, kan du glede deg over eit solid påfyll av snø.

– I ytre strøk blir nedbøren mest som regn, medan i indre og høgare strøk kan det komme mykje snø.

Dei fleste vinterferie-destinasjonane har 50-100 cm snødybde.

I høgfjellet er det over ein meter snø fleire stader, opplyser meteorologane.

Sjekk din stad på Yr.no eller http://seNorge.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.