Kultur | 26. aug. 2019

Nytt hærverk på hellesristningane

I dag vart det oppdaga at nokon har gått hardt til verks på dei 3000 år gamle helleristningane i Vargavågen.

Nytt hærverk på hellesristningane
Arkeolog og formidlar ved Bymuseet, Espen Kutschera, kan trist konstantera at helleristningane i Vargavågen på ny har blitt utsett for hærverk. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 26. aug. 2019 12:56

Bildeserie:

Dei to skipa har fått juling av eit skarpt verktøy eller gjenstand. (Foto: KOG)
Dei to skipa har fått juling av eit skarpt verktøy eller gjenstand. (Foto: KOG)
Fleire andre motiv har òg blitt utsett for hærverk. (Foto: KOG)
Fleire andre motiv har òg blitt utsett for hærverk. (Foto: KOG)
Helleristningane i Vargavågen er rekna å vera minst 3000 år gamle. (Foto: KOG)
Helleristningane i Vargavågen er rekna å vera minst 3000 år gamle. (Foto: KOG)
Det er skilta i området - men tydeleg nok? (Foto: KOG)
Det er skilta i området - men tydeleg nok? (Foto: KOG)
Spora ser ferske ut. (Foto: KOG)
Spora ser ferske ut. (Foto: KOG)
Helleristningar i Vargavågen. (Foto: KOG)
Helleristningar i Vargavågen. (Foto: KOG)
– Det er gjort mykje skade, fortel Kutschera. (Foto: KOG)
– Det er gjort mykje skade, fortel Kutschera. (Foto: KOG)
1 av 7

Kvart år besøker fjerdeklassingane i Os Vargavågen saman med representantar frå Bymuseet i Bergen.

Då tilsette frå Bymuseet i dag tidleg gjorde seg klar til årets første skulebesøk, oppdaga dei at noko ikkje var slik det skulle vera.

Dette var ikkje her i fjor

Arkeolog Espen Kutschera fortel at dei raskt såg at det var noko som ikkje stemde med fleire av helleristningane.

– Vi har alltid litt klump i halsen når vi dreg ut her, og det var ikkje eit kjekt syn som møtte oss i dag

– Vi fann rimeleg ferske spor etter bruk av eit skarpt verktøy på nokre av motiva på bergveggen. Spesielt dei to skipa har fått har hard medfart, men det er òg spor etter hærverk på fleire av dei andre motiva. Eg vil seia at det gjort mykje skade på fleire av motiva.

Vil dra ut på synfaring

Kutschera var raskt på telefonen til kollega, arkeolog og seniorrådgjevar Øystein Skår hos kultur- og idrettsavdelinga hos Hordaland fylkeskommune.

Skår fortel til Midtsiden at han berre har sett bilda som Kutschera har sendt til han frå Vargavågen, men at dette var ei trist melding å få.

– Vi har allereie varsla Universitetsmuseet i Bergen, og saman vil vi truleg dra ut på ei synfaring snarast råd. Frå det eg kan sjå på bilda har helleristningane dessverre fått mykje juling, men eg kan ikkje på noverande tidspunkt seia noko om det er gjort uerstatteleg skade på dei.

Kan bli meld til politiet

Skår seier at helleristningane i Vargavågen er verna av Lov om kulturminner (Kulturminnelova), som eit automatisk freda kulturminne.

I lova står det følgjande: Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje. (lovdata.no)

I 2011 vart helleristningane i Vargavågen òg utsett for hærverk. Den gongen vart to unge gutar nær tekne på fersk gjerning av ein observant turgåar.

Skår fortel at saka frå 2011 etterkvart vart løyst i konfliktrådet. Han vil ikkje spekulera i kven som kan stå bak ugjerninga som vart oppdaga i dag, men han kjem ei klar oppmoding;

– Eg reknar med at denne saka òg vil blir meld til politiet. Sjølv om det er tydeleg skilta i Vargavågen vil eg oppmoda alle, spesielt alle foreldre å vaksne å fortelja barn og unge kor viktig det å la desse helleristningane få vera i fred.

– Ikkje står vi i fare for å mista ei viktig kulturarv for godt, men brot på Kulturminnelova er faktisk ei straffbar handling.

I paragraf 27 i Kulturminnelova står det: Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer forbud, påbud, vilkår eller bestemmelser gitt i eller i medhold av loven her, straffes med bøter eller fengsel i inntil 1 år. Under særdeles skjerpende omstendigheter kan fengsel i inntil 2 år anvendes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.