Næringsliv | 16. jan. 2009

Nytt industriområde veks fram

Den første tomta i det nye industriområdet i Hegglandsdalen er selt, og mykje tydar på at fleire er på veg til Dalen.

Nytt industriområde veks fram
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. jan. 2009 13:06

• Speedbåt-lager
• Produksjon til Bybanen
• Meir sirkus?

Dei tre største eigarane i det nye industriområdet i Hegglandsdalen er Nils Lien (frå John Lien Dørfabrikk AS), Bjørn Sælen (Johs Sælen & Sønn AS) og entreprenør Helge Pedersen.

Pedersen har nettopp lagt ut eit område på 11,5 mål inst ved Vallaelva, og ein parsell av området på 1,6 mål er allereie selt.

- Det er fleire som har vore i meg dei siste åra, og eg har ikkje noko imot å selja mindre tomter, seier Helge Pedersen.

Han eig òg eit hus med to bueiningar like ved feltet. Til denne eigedomen høyrer det 20 mål utmark som han no jobbar med å skilja frå og seinare opparbeida som næringsareal.

Speedbåt-lager
Første kjøpar er eit selskap som er eigd av Eirik Haugland, Karl Ole Lyngbø og Anders Arefjord.

Haugland fortel at dei først og fremst skal lagra båtane sine i den 540 kvadratmeter store hallen dei no skal bygga.

- Så får vi vel byrja med noko som kan gje inntekt til å finansiera investeringa, seier Eirik.

- Vinterlagring kanskje, men "dråget" til Anders tar jo ein del plass, legg han til.

Arefjord eig ein lynrask rib på 38 fot.

Endeleg utviding for smeden
Johs Sælen & Sønn AS har prøvd å få utvida i fleire år, men har ikkje fått løyve til å auka med ein etasje. Urettvist kanskje, etter så mange år med næringsdrift, å måtta vika for nye bustadar i bakgarden. Men no kan også Sælen få betre plass.

- Eg vil helst selja næringseigedomen der vi driv i dag, før eg byrjar på den nye tomta. Men det blir på sikt, seier Bjørn Sælen.

4,5 av nesten 10,7 mål i det nye næringsområdet er ferdig planert. Her har han planar om eit stålbygg han skal bygga sjølv, med isolerte element.

- Då aukar vi arealet frå 400 til mellom 1000 og 1500 kvadratmeter. Det treng vi, for vi jobbar med store lengder og har fullt opp med arbeid ut året.

Johs Sælen & Sønn AS har blant anna fått oppdraget med å laga alle venteskura til Bybanen, ein ordre på til saman 170 tonn med stål.

- Kjekt med naboar
Nils Lien sit på kontoret i dørfabrikken på den andre sida av vegen. Han har kjøpt rundt 10 mål i det nye feltet, nærmast vegen og nærmast Os.

- No har eg sete her nesten åleine i fleire tiår, så det skal bli kjekt med fleire naboar, seier Lien.

Sjølv har han førebels ikkje konkrete planar for den nye investeringa si.

- Hadde nokon sagt for 30 år sidan at det skulle koma sirkus i Hegglandsdalen så hadde eg trudd at det hadde rabla for dei. Men no har eg leigd ut til sirkus to gongar, og det kan eg gjerne gjera nokre gongar til. Så får vi sjå korleis området tar form, dei andre kan gjerne få selja litt først.

Livleg og estetisk
Med fleire små bedrifter kan det bli ekstra livleg i det nye næringsområdet. Kontrasten til dei første åra for Ådnadalen blir stor. Betre planlegging enn i fleire andre industriområde kan det også bli.

- Det er fleire døme, både i Os og andre stadar, på tronge industriområde, tomter utan plass til inn- og utkjøring, og fine bygg som er plassert bak ruvande plasthallar. Det treng ikkje vera så elegant i eit industriområde, men litt tanke bak skadar ikkje, meiner Lien.

Både han og Pedersen seier det ligg an til å koma fleire fine bygg i området, og håpar kjøparane er med på å forma det til noko som ser ryddig og bra ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.