Lokal | 22. mai 2019

Nytt kapittel i Brugata

Kristine Lygren Lien tek konditoriet og musikkbaren vidare.

Nytt kapittel i Brugata
Frå Hanne's til Liens - Kristine Lygren Lien tek over konditoriet og musikkbaren i Brugata 1. juni. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 22. mai 2019 11:07

I dag vart det kjend at Hanne Hansen og Bjørn «Bosse» Sigurjonsson gir seg etter om lag to års drift av Hannes's Konditori og Musikkbar.

– Vi er begge stolte over kva vi fekk til på to knappe år, og no veit vi at framtida til staden er i trygge hender, kunne dei fortelja.

Dei trygge hendene tilhøyrer Kristine Lygren Lien.

Hanne’s vert Liens

– Dette var eit tilbod eg rett og slett ikkje kunne seia nei til, seier Kristine Lygren Lien.

Frå 1. juni er det ho som skal drifta staden vidare. Truleg vert dette under namnet «Liens Kafé & Musikkbar».

– Nett no står det att ein del papirarbeid og kontraktsskriving, og eit namneskifte er på lista over ting som skal gjerast, fortel den nye driftaren.

Lien fortel at ho fekk veta om avgjerda til Bosse og Hanne for nokre veker sidan.

I denne låg det òg eit tilbod om få overta.

– Eg brukte fem dagar på å setja meg inn i kva eg det å ta over ville innebera - og så sa eg ja.

Brenn for staden

Lien seier at ho har brunne for staden frå dag èin;

– Eg har verkeleg trua på det konseptet som Hanne og Bosse starta her.

– No ser eg fram til å oppgradera og vidareutvikla staden, grunnlaget ligg jo her allereie.

Noko går ut, noko kjem inn, men Hanne blir med

Lien har allereie god kjennskap til staden - ho har hatt rekneskapen sidan februar i år, ho har òg stått for bookinga av artistane til musikkbaren i lengre tid.

– Eg har etterkvart hatt jobben som bar-ansvarleg, og eg har jobba ein del i i kafeen og i konditoriet, men eg er særs glad for at Hanne vert med vidare for å ta unna kake- og snittebestillingane.

– Det er godt å veta at eg har hennar kunnskap og lidenskap for faget med meg vidare.

Lien seier at i tillegg til ein del kosmetiske forandringar i lokalet, vert det òg nokre forandringar i vareutvalet;

– Sal av brød går ut, og vi vil nytta ein del bakeoff-produkt. I tillegg skal det sjølvsagt vera mogleg å få seg ferdigsmurde baguettar og andre lette måltid.

– Her har eg ikkje alle svara endå, men etterkvart som eg får heile bildet på plass, vil eg tilpassa tilbodet til gjestane våre.

Musikkbar med endå meir bar

Lien har allereie boka ferdig store delar av konsertåret for 2019.

– No står det att nokre få ledige datoar, og så er programmet komplett.

– Eg vil halda fram med å skapa ein stad kor folk i alle aldrar kan møtast, og eg vil at scenen vår skal vera ein god plass for artistar, ikkje minst for lokale band og musikarar.

– Vi kjem òg til å ha ekstra fokus på baren, og innhaldet i den i tida framover, så her vil det nok koma ein del spanande forandringar etterkvart, avsluttar den nye driftaren i Brugata.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.