Kultur | 12. okt. 2018

Nytt namn, ny bar og høg aldersgrense

Empire er historie. Ny bar er under bygging.

Nytt namn, ny bar og høg aldersgrense
Empire er riven, no blir Baronen bygd i etasjen over Jonas Grill i Telthuskvartalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. okt. 2018 09:13

Empire har vore stengt sidan slutten av juli, eit år etter opning av utestaden som i utgangspunktet retta seg mot yngre vaksne.

I august fortalte innehavar Bjarte Andersen at han ville endra konseptet, no er det full aktivitet med byggearbeid i lokalet i Telthuskvartalet.

Vil ikkje møta ungane sine på fest

– Å ha to utestadar, når den største har tre ulike avdelingar, uta å konkurrera for mykje med seg sjølv, kan bli vanskeleg, seier Andersen, som i tillegg eig Catten Nightclub.

– Catten fungerer godt, med nattklubb, bar og lounge. Men sjølv om vi har aldersgrense 25 år i loungen, er det litt vrimling mellom avdelingane for dei som er gamle nok. Og vi får vi stadig spørsmål om ikkje vi kunne hatt ein plass utelukkande for vaksne. Eg har inntrykk av at mange som er 40, 50 og 60 år saknar ein stad der dei ikkje møter venane til ungane sine når dei er på fest.

Derfor får den nye utestaden aldersgrense 25 år.

Nytt namn: Baronen

– Vi har rive omtrent frå golv til tak, bygger ny bar, utvider nokre av platåa, og ønskjer å laga ein litt elegant plass.

– Her blir det fri entré, bortsett frå på enkelte konsertar, og vi vil naturlegvis kunna bruka skjønn om det er ein vaksen venegjeng der enkelte i følgjet er rett under 25 år. Men vi vil ha ein tydeleg vaksen profil.

Namnet blir ikkje mindre elegant; Empire skiftar namn til Baronen.

– Vi har jo Baronselvo som renn rett bak bygget her. Eg kjenner til at det er eit firma i Os som heiter Baronen, som dei leverer lyd og lys. Kanskje kan Baronen bli leverandør til Baronen.

Baronen har brennevinløyve, men kjem ikkje til å bli nattklubb.

– Nattklubb krev mange dyre tiltak. Vi vil halda ope til klokka 2 om natta, og så får gjestane eventuelt bevega seg vidare bort til Catten.

Ny disco på Catten

Bjarte Andersen med tilsette er ikkje i ferd med å gå tom for arbeidslyst.

Når Baronen er ferdig bygd og opna, skal nattklubben si diskotekavdeling byggast om.

– Der blir det ei ganske heftig oppgradering, du skal merka tydeleg når du kjem inn i lokalet, at her skal det dansast.

Opningsdato for Baronen er ikkje fastsett, men eigar tar sikte på å åpna i løpet av første halvdel av november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.