Sport | 18. aug. 2012

Nytt nederlag

VIDEO: Os gjekk på sitt første heimetap for sesongen då dei i dag tok imot botnlaget Avaldsnes.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. aug. 2012 17:02

Alt låg til rette for at Os skulle ta full pott for første gong etter ferien. Verken trenar eller spelarar var nøgd etter 2-1-tapet borte for Stavanger i førre runde.

Med 8 sigrar på 8 heimekampar og Avaldsnes, som Os slo 7-0 på bortebane i vår, som motstandar trudde nok dei fleste på tribunen at dei skulle sjå Os briljera og ta ein solid siger.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Men sånn gjekk det ikkje. Os kjørte gjestane i fem minutt, men fekk så tre store sjansar imot før 0-1-skåringa kom.

Os - Avaldsnes 2-3 (0-1)
Målskårarar, Os: Ramo Racic og Erik Kanestrøm
Raudt kort: Per Søgnen Merai (direkte raudt etter sklitakling/farleg spel kort tid før slutt)
Gult kort: Preben Borgen (for munnbruk etter Merai sitt raude)

Os utlikna til 1-1 i 2. omgang og til 2-2 seinare i omgangen, men klarte aldri å ta leiinga.

Heimelaget styrte som venta kampen og skapte bra med sjansar, men gjestane var effektive på overgangar og dødballar.

– Gledeleg overrasking

– Vi har ikkje gjort det så godt i år og hadde heller ikkje venta så mykje i dag, så dette er vi veldig nøgd med, seier Avaldsnes-trenar Einar A. Utvik etter kampen.

Avaldsnes stilte med ein 15-åring i mål og til saman 6 spelarar i junior-/gutealder frå start.

– I sommar henta vi to polakkar som har styrka laget vårt. Vi tok 7 poeng på dei 4 kampane før denne, så no er vi på rett spor.

– I ei blindgate

Os-trenar Tim Henrik Sperrevik er ikkje nøgd med dagens framsyning av spelarane hans.

– Du kan sikkert peika på ulike årsaker, men for meg ser det ut som om vi ikkje er svolten nok, vi yter ikkje 100 prosent frå start.

– I tillegg blei det ein del upresist i dag, synes Tim.

Os: Anders Kloven, Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Tor Erik Berge, Simen Lassen, Preben Borgen, Fredrik Heggland, Erik Kanestrøm, Christer Olsen og Ramo Racic.
Innbytarar med speletid: Anders Kinden, Egil Thuen og Børge Borgen.

Os ligg framleis på 3. plass, men luka opp til Arna-Bjørnar har auka til 8 poeng etter dagens runde.

SJÅ TABELL/FLEIRE RESULTAT

VIDEO: Sjå alle skåringane, den annullerte Os-skåringa på offside, nokre av sjansane og episoden som førte til raudt kort til Merai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.