Samferdsle | 30. nov. 2021

Nytt parkeringshus opnar onsdag ettermiddag

Held opningsseremoni etter lunsj.

Nytt parkeringshus opnar onsdag ettermiddag
Det nye parkeringshuset, Giskavollen Parkering, måndag kveld. Onsdag kan du ta det i bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 30. nov. 2021 08:02

I dag er siste innspurt for hovudentreprenør Åsane Byggmesterforretning AS sitt arbeid på parkeringshuset i Os sentrum.

Onsdag klokka 13 er det opningsseremoni.

Ordførar og kommunedirektør skal delta, det skal også nokre elevar frå ungdomsskulen.

Når seremonien er over kan du ta huset i bruk, foreløpig heilt gratis.

Det skal sak opp i kommunestyret 16. desember, først innom formannskapet 2. desember, om reglar for kor lenge du kan stå gratis og kva det skal kosta å stå utover denne tida.

Det vil likevel ta tid før nokon kan krevja pengar av dei som parkerer i Giskavollen, eit eventuelt politisk vedtak vil føra til at prosjektet med handheving skal ut på anbod.

Saka omhandlar både parkeringshuset og andre parkeringsplassar i og nær sentrumskjerna.

Giskavollen Parkering

  • Vedtatt i oktober 2020
  • Opning: 1. desember 2021
  • Hovudentreprenør: Åsane Byggmesterforretning
  • Pris: 39 millionar kroner eks mva.
  • Parkeringsplassar: 154 under tak, 30 ute over innkøyrslar
  • 13 ladepunkt for elbil
  • Eigen sykkelinngang og -parkering
  • Fotballbane på taket med kunstgrasdekke på 39,4 x 60,67 meter (ein niarbane skal ha 40-50 x 58-60 meter pluss tryggleikssone).
  • Kunstgraset er granulatfritt utan innfyll.
  • Banen blir framleis Jadakameratene il, som nyleg også har fått bane og klubbhus på Borgafjellet barneskule, sin heimebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.