Lokal | 29. aug. 2013

Nytt sjukehus på Vestlandet?

Lesarinnlegg: Det er i dag eit etterslep på vedlikehald på mange titals milliardar kroner ved norske sjukehus.

Nytt sjukehus på Vestlandet?
Helikopterdekket ved Haukeland sykehus (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandtorsdag 29. aug. 2013 08:32

Noregs oljeinntekter gjev oss handlingsrom til å byggja landet. Det er på tide å setja handling ut i livet. FrP ønskjer investera meir i vegar og jernbane i Noreg og mindre i aksjar og utanlandske obligasjoner. Investering i betre vegar gjev større fridom og vil bidra til auke i verdiskapinga og auka konkurransekraft.

Berre i 2012 opna svenskane åtte gonger meir firefelts motorveg enn i Noreg.

Investeringar i helse og omsorg gjev tryggheit for framtidige generasjonar. Det er i dag eit vedlikehald etterslep på mange titals milliardar ved norske sjukehus. På Haukeland sjukehus er ein i same situasjon som elles i landet. Sjølv om ein her held budsjetta på drifta må ein sjølv setja av mange kroner til vedlikehald, rehabilitering og utbygging.

Ein ser klårt at dette går ut over andre viktige oppgåver. Det har vore fleire oppslag i media på uverdige forhold der dei sjukaste får den beste hjelpa men gode fasilitetar manglar. Både på romma der dei sjukaste bur , dei pårørande er på besøk og der dei tilsette skal gje behandling og omsorg.

Kor mykje skal ein då lappa på gamal utradert bygningsmasse?

Og Hordaland veks. Trenger me ikkje no starta prosessen med eit nytt sjukehus i Hordaland? FrP ønskjer denne tanken velkommen. Me lever i ei tid der nytenking, IKT, forsking og raske endringar skjer heile tida. Vi må vere med også på sjukehussida.

Og kvifor skal eit sjukehus liggja i byd`n? Me vonar på ny veg. Veg som gjer det raskt å flytta seg.

Tenk stort, tenk nytt til det beste for innbyggjarane.

Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.