Nytt utslepp i Os hamn
Måndag morgon var det ikkje berre drikkevatnet som var problemet, i Os hamn bobla det med avlaup igjen.
– Det fossar opp kloakk ved gjestebrygga, fekk Midtsiden tips om måndag morgon.
Dette skjedde også for tre veker sidan. Men i dag var årsaka straumbrot.
– Den første alarmen gjekk søndag kveld klokka 19.44, fortel José frå Bergen Vann.
Bergen Vann er på plass i pumpestasjonen ved gjestebrygga og har fått straumen på igjen.
– Vi har litt jobb igjen med utbetring av ein feil, så er alt i orden. Mens stasjonen har vore nede har nok kloakken blanda seg med overvatnet og kome ut i hamna, seier han.
Teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, forklarte for tre veker sidan at delar av det eldre leidningsnettet i Os er kopla sånn at overvatn kan bli blanda med kloakk.
PS! Os kommune opplyser i dag at kokevarselet på drikkevatnet framleis er gjeldande.