Industri | 12. juli 2020

Nyutvida Mandelhuset fekk ei knallhelg utan Tysnesfest

– Vi reiste bort for å mimra, og så rann det inn med båtar.

Nyutvida Mandelhuset fekk ei knallhelg utan Tysnesfest
Tette med båtar og periodar med strålande sol - i helga blei det nesten Mini-Tysnesfest på Våge. (Foto: Ståle Daae Børnes, Bergen Marinesenter)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. juli 2020 07:43

Denne helga skulle blant andre CC Cowboys, TIX, Highasakite, Stavangerkameratene, Jason Derulo og Village People spelt på Gjerstad arena på Tysnes.

No er dei fleste booka inn igjen til 2021 allereie, men årets festival blei, som alle andre sommarfestivalar, korona-avlyst.

– Tysnesfest er naturlegvis ei fantastisk helg for oss på Mandelhuset, med fullt kjør til frukost og lunsj, og svært livlege ettermiddagar og kveldar, seier dagleg leiar Patrick Madsen.

– Vi gledde oss spesielt til årets festival, då vi har tatt ein del investeringar fram til denne sesongen.

Flytta naust frå 1880 - og tredobla uteserveringa

Mandelhuset har hatt ambisjonar om å utvida ei stund, og det siste året har det løyst seg. Men manøveren dei fullførte med naboen, er ikkje for kven som helst.

– Det sto eit nast frå 1880 på tomta. Vi kjøpte halve tomta, fekk Samba Marin til å løfta det gamle naustet åtte meter nærmare oss, og bygde nytt naust til tomteseljaren.

Det gamle naustet er flytta, restaurert og innreidd som selskapslokale. (Foto: SDB)
Det gamle naustet er flytta, restaurert og innreidd som selskapslokale. (Foto: SDB)

Resultatet blei ikkje berre at Mandelhuset sikra seg ein tre gongar så stor uteservering - dei gjennomførte omfattande restaurering av det gamle naustet.

– Dette har no blitt eit selskapslokale med sjel og særpreg, med plass til 40 personar.

80 båtar i hamna

I staden for ein knallstart på våren og ein sommar med fleire tusen festivalgjestar, blei restauranten koronastengt frå mars til 1. mai.

Eigarane tok opp lån for å betala dei løpande utgiftene.

– Heldigvis blei mai ein god månad, og juni blei kjempefin. Denne helga gler vi oss over at mange har kome til Våge, og fleire av dei er i festivalstemning.

Patrick Madsen (t.v.) gler seg over båtturismen. Her saman med Ståle Daae Børnes og Mikal Leigland. (Privat foto)
Patrick Madsen (t.v.) gler seg over båtturismen. Her saman med Ståle Daae Børnes og Mikal Leigland. (Privat foto)

Mandelhuset var førebudd, og hadde hyra inn trubadurar frå torsdag til laurdag.

– Det ligg truleg 70-80 båtar i hamna i helga. Sånn er det ofteover 60 båtar her på gode helger, Våge er ein populær plass for båtflk. Med tanke på at dei fleste har sikta seg inn på ein noregsferie kan vi håpa at også resten av sommaren blir bra.

Skulle mimra - kom i festivalstemning

Ein av dei faste utstillarane på Tysnesfest, Ståle Daae Børnes frå Bergen Marinesenter, fekk fleire spørsmål frå kundar og samarbeidspartnarar om «kva som skjedde i år».

– Eg svarte at det ikkje skjedde noko, men tok turen til Våge som ein ferie. Litt for å mimra. Vi la oss langs med brygga, men så rann det inn med båtar, og vi vippa oss ut så det brått såg ut som ei lita båtutstilling.

– Bilde eg la ut hausta respons, til og med tilsette ringte og var snurt fordi dei trudde vi hadde Mini-Tysnesfest utan å seia ifrå.

På gode dagar, som i går, ligg det over 60 båtar i Våge gjestehamn. (Foto: Bergen Marinesenter)
På gode dagar, som i går, ligg det over 60 båtar i Våge gjestehamn. (Foto: Bergen Marinesenter)

Selde dagens fjerde båt - mens han var i intervju

Bruktbåtseljaren fortel om ein knallgod sesong så langt.

– Vi har selt 110 båtar til no i år, og ligg ein månad framfor rekordåret 2019.

På ein enkelt laurdag selte han båtar for 35 millionar, i løpet av gårsdagen selte han tre båtar. Så blei han uvanleg stille på telefonen. Han chatta med kunde. Så gjekk den fjerde båten av garde.

– Det er spesielt dei store båtane som går unna. Dette er båtar som kostar om lag det same som ein større bustad, så det er ikkje akkurat impulshandel heller.

Mandelhuset har tredobla uteserveringa etter kjøp av nabotomt og naust. (Foto: SDB)
Mandelhuset har tredobla uteserveringa etter kjøp av nabotomt og naust. (Foto: SDB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.