Samferdsle | 22. aug. 2022

... og onsdag blir Strønebrua stengt

Vestland fylkeskommune har varsla via tekstmelding.

... og onsdag blir Strønebrua stengt
Strønebrua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. aug. 2022 12:50

Det blei fleire utfordringar - og behov for å be om orsak - då Sundøybrua måndag morgon blei stengt i to timar.

Fylkeskommunen hadde ikkje sendt ut direktevarsling på førehand, men varslar no at Strønebrua blir stengt av same årsak, bruinspeksjon, førstkomande onsdag.

Varslinga kom per sms til underteikna, som bur i Askvik. Kven andre den er sendt ut til er uvisst.

«Fv. 5154 Strøno bru vert stengt for all trafikk onsdag 24. august kl. 10:40-13:40 for bruinspeksjon. Vegen kan også bli stengt i inntil 15 minutt kl. 07:00-14:00. Buss i rute passerer, utrykningskøyretøy passerer etter avtale med trafikkdirigent. Sjå 175.no» skriv fylkeskommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.