Fotball | 26. sep. 2022

Også ei god fotballhelg for Nore Neset

Mens ny hall opna beit fotballspelarane frå seg ute i felten.

Også ei god fotballhelg for Nore Neset
Nore Neset sitt A-lag og Nore Neset/Os J17. (Foto: Privat/Rune Klett)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. sep. 2022 09:43

I helga opna Nore Neset arena med to sideprosjekt, padeltennis og rullepark utandørs.

Samtidig har fleire av fotballspelarane vore med på å gjera helga god for dei blåkledde.

Les ògFlott hyllest under opning av Nore Neset arena

Nore Neset/Os J17, som i sommar tok seg til kvartfinale i Norway Cup, vann i helga kvartfinale i Adidas Cup (uoffisielt NM).

Nore Neset/Os møtte Fjellhammer på Geilo og vann 2-1.

Med sigeren har dei tatt seg til finalehelga, og møter Vind i semifinale laurdag 8. oktober.

Jenter 17 etter sigeren i kvartfinalen i helga. (Foto: Privat/Rune Klett)
Jenter 17 etter sigeren i kvartfinalen i helga. (Foto: Privat/Rune Klett)

Nore Neset/Os tok seg til sluttspel med siger i 3 av 4 innleiande kampar.

Dei tapte for Avaldsnes, men slo Askøy, Smørås og Skjergard før Sandnes Ulf blei slått 0-1 i 1/8-finale.

I serien går det også bra om dagen, med siger i 3 av dei 3 første i 1. divisjon i haust. I vår hamna dei på 5. plass av 11 lag i 1. divisjon.

Fleire av spelarane på jenter 17 er også aktive på Os sitt kvinnelag i 2. divisjon senior.

To gode kampar av A-laget

Nore Neset sitt A-lag på herresida starta hausten god med to sigrar. Så kom fire kampar med tre tap og ein uavgjort.

No har dei hatt to fine på rad.

Førs slo dei tabelltoar Sædalen 4-3 heime, fredag blei det solide 0-4 borte over Nordre Fjell/ Skjergard på uvant naturgrasunderlag.

Eric Skorpen skåra 2, i tillegg teikna Vegard Hjelle og Lars Erik Lunde seg på skåringslista.

Grei stemning i garderoben etter bortesigeren fredag. (Foto: Privat)
Grei stemning i garderoben etter bortesigeren fredag. (Foto: Privat)

Nore Neset ligg på 8. plass etter 16 kampar, eitt poeng bak 6. plass med éin kamp mindre spelt.

Neste kamp går heime mot Fitjar på 10. plass fredag kveld.

  • Søre Neset er i same avdeling. Dei har spelt 18 kampar, men slit tungt og har framleis ikkje tatt poeng i år.
  • Nore Neset 2 tapte 3-0 borte for Baune 2 i førre runde, men klarer seg greit etter opprykket til 6. divison, og ligg no på 6. plass av 9 lag, 3 poeng bak 4. plass etter 5 sigrar og 7 tap på 12 kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.