Lokal | 21. juni 2016

Også rådmennene seier ja

Onsdag avgjer kommunestyra i Os og Fusa om det skal bli ei ny Bjørnafjorden kommune. Rådmennene tilrår politikarane å seia ja.

Også rådmennene seier ja
Rådmann i Fusa, Berit Fløisand og rådmann i Os, Christian Fredrik Fotland, legg fram ei positiv innstilling i saka om kommunesamanslåing (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 21. juni 2016 08:05

Det har vore forhandlingsmøter, skreve intensjonsavtala og helde meiningsmåling blant innbyggjerane i Os og Fusa med spørsmålet om Os og Fusa bør slå seg saman til ei ny og større Bjørnafjorden kommune.

Onsdag ettermiddag blir første kapittelet på soga avslutta når politikarane i dei to kommunestyra skal ta den endelege avgjera. Spørsmålet dei blir stilt er enkelt - «Ja» eller «Nei» til Bjørnafjorden kommune?

Måndag sa både fleirtalet i styringsgruppa for kommunereforma i Fusa og formannskapet i Os ja til samanslåing.

– Ei god intensjonsavtale

Som vanleg har administrasjon gjeve politikarane si innstilling i saka. Både rådmann i Os, Christian Fredrik Fotland, og rådmann i Fusa, Berit Fløisand, tilrår politikarane til å seie ja til Bjørnafjorden kommune.

– Etter rådmannen si vurdering er det forhandla fram ein god intensjonsavtale. Den seier noko om utvikling av betre tenester, gode fagmiljø, grunnlag for utvikling og vekst innan næring, kultur, plan og bumiljø. Eikelandsosen vert definert som kommunedelsenter, og «Det skal leggjast vekt på å byggje opp robuste og heilskaplege fagmiljø både i Eikelandsosen og Osøyro.», skriv Fløisand i si vurdering.

– Målet er at ein ny kommune skal skape ein meirverdi for innbyggjarane i dei to kommunane innafor gode økonomiske og miljømessige rammer, og innan rammene av eit velutvikla og sterkt lokaldemokrati, heiter det i Fotland si saksframstilling.

Betre rusta saman

Fløisand peiker òg på dei økonomiske utfordringane Fusa kommune i dag står over for.

– Fusa kommune har i dag utfordringar knytt til økonomi. Å gå inn i eit kommunesamarbeid no gjev Bjørnefjorden kommune økonomiske overgangsordningar. Det er lite sannsynleg at desse ordningane vil bli ståande om ein på eit seinare tidspunkt vel å gå inn i eit samarbeid med andre kommunar.

– Ein kvar kommune vil, uavhengig av storleik, få utfordringar knytt til økonomi. Fusa kommune har desse utfordringane i dag. Bjørnefjorden kommune vil truleg også på lang sikt få økonomiske utfordringar, fordi det er umogeleg å vita i dag korleis samfunnsutviklinga dei neste 20 – 30 åra vil påverka økonomien i kommunane. Med reformstøtta og overgangsordningane i inntektssystemet, vil likevel Bjørnefjorden kommune stå betre rusta til å handtera økonomiske utfordringar og vil ha betre handlingsrom enn Fusa kommune åleine vil ha i framtida, heiter det i innstillinga frå Fløisand som oppsummerar med at «Med det vi veit i dag, vil Bjørnefjorden kommune vera det beste utgangspunktet for at innbyggjarane i Fusa framleis skal ha gode og sikre kommunale tenester.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.