Lokal | 01. juni 2010

Ole Amund hos Frode

Kontrabassist Ole Amund Gjersvik speler i kveld solo hos Frode Art.

Ole Amund hos Frode
Andris Hamretirsdag 01. juni 2010 08:42

Frode Art & Galleri er ikkje berre eit galleri. Den første tysdagen kvar månad arrangerast det konsert. Sist var det Os Rockeklubb og Warfart som spela opp. I kveld er det duka for jazz og tango då Ole Amund Gjersvik tek med seg kontrabassen til Buggegarden.

Gjersvik speler det han kallar ein miks av komponert og improvisert musikk.

Ole Amund Gjersvik er ein akta bassist som har blitt brukt mellomanna av Trang Fødsel, Ole Paus og Britt-Synnøve Johansen. Sistnemde kjem til Osøren blues & jazzfestival med «Skyt meg med tre roser» ei utgjeving Gjersvik medvirkar på.

Leiar to band
Ole Amund Gjersvik leiar til dagen to band, Ole Amund Gjersvik Quintet som hovudsakleg spelar jazz og Combo Tango som namnet seier hovudsakleg spelar tango, men i kveld er det altså duka for å oppleva Gjersvik aleine med sin kontrabass på scena.

Dørane åpner 19:00. Inngangsbilleten kostar 100 kroner og inkluderar kaffi og kaker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.