Handball | 25. nov. 2022

Ole Jørgen er nominert til nasjonal trenarpris

Søndag er siste dag folk kan stemma.

Ole Jørgen er nominert til nasjonal trenarpris
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. nov. 2022 12:54

Elverum håndball, Norges fremste innen herrehandball dei siste fire åra, har lyst ut ein nasjonal konkurranse for å hylla unge trenartalent.

«Er du den neste Børge Lund» spurde dei i nominasjonsprosessen som starta i oktober.

Børge Lund, som var proffspelar i Tyskland frå 2006 til 2013, har seinare vore assistenttrenar for landslaget og trener i dag Elverum sitt herrelag.

No kjempar 37 unge handballtrenarar om prisen.

Ein av dei er Ole Jørgen Olsen, trenar for Os jenter 15 og sportsleg leiar i Os Handball.

– Eg har fått veta kven som nominerte meg, ein av spelarane, Nora Hanken, fortel Ole Jørgen.

– Det var stas, og det hadde vore veldig kjekt å vinna turen.

Her kan du sjå alle kandidatane og stemma på din favoritt.

Ein jury frå Elverum sin samarbeidspartnar Veksthuset Personal AS skal velja kandidaten ut frå ein av dei fem som får flest stemmer.

Vinnaren får besøka Elverum Håndball sitt trenarteam med Børge Lund og Raymond Hamar, og får eit innblikk i korleis laget jobbar taktisk, fysisk og mentalt.

Ole Jørgen har i skrivande stund 103 stemmer.

Han ligg på 9. plass, men vegen er kort til litt klatring i rangeringa.

Knappe 30 stemmer skil Ole Jørgen frå 6.plass, mens han treng 57 stemmer for å tangera 5. plassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.