Omset for 13 millionar
... som leverandør til mellom anna Lyssand Treindustrier og Rolls-Royce. - Med rett type arbeid kunne vi ha omsett for 5-6 millionar til, fortel dagleg leiar Kristian Nygaard.

Os ASVO har utvikla seg til å bli ei industribedrift av betydeleg storleik i Osbygda. Som leverandør til mellom anna Lyssand Treindustrier, Rolls-Royce, JFM Sunile og Søve Lekemiljø AS er det korte tidsfrister og høg presisjon som krevst av dei til saman 70 arbeidstakarane i bedrifta som driv med tilrettelagt arbeid.
- Det er ikkje noko slinger i valsen. Kundane våre krev millimeterpresisjon i leveransane våre, og det får dei, fortel ein stolt dagleg leiar Kristian Nygaard.
Jobbar tett med Lyssand
Den største enkeltkunden til Os ASVO er Lyssand Treindustrier.
- Produksjonen for Lyssand står for store deler av produksjonsinntektene våre.
- Vi har eit tett og godt samarbeid med dei og leverer vinduslister, foringer og innlegg i dørane dei produserer.
- I tillegg har vi ansvaret for all treembalasje dei nyttar for sikker frakt av vindauga fram til kunden, forklarar Nygaard.
Foutsigbar kvardag viktig
I staben har Nygaard 13 fast ansatte arbeidsleiarar og 57 arbeidstakarar som er på tiltaka Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) og Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS).
- Om lag halvparten av driftsinntekta kjem gjennom NAV, den andre halvparten genererar vi gjennom produksjonen.
- Nokre av arbeidstakarane er her to dagar i veka, andre fem dagar.
- Felles for dei alle er at dei, kanskje i litt større grad enn i det ordinære arbeidslivet, treng ein forutsigbar kvardag med faste rutiner, forklarer Nygaard i det han viser stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) og lokalpressa rundt i bedriften.
Kan ta imot fleire
På spørsmål frå Reiertsen stadfestar Nygaard at dei har både lokale og kapasitet til å ta imot enno fleire på tiltaka.
- Hadde vi for eksempel fått 20 plassar til, så hadde ikkje det vore noko problem. VI har både plass og kapasitet.
- Eg trur vi kunne omsett for 5-6 millionar til om vi hadde hatt rett type arbeid, forklarar Nygaard på spørsmål frå stortingsrepresentanten.
Har gjort investeringar
Med krav om millimeterpresisjon i leveransane har bedrifta gått til investering i fleire større maskiner.
- Denne kappmaskina, for eksempel, kappar nøyaktig på millimeteren. Det heile blir styrt av ei datamaskin, det eineste medarbeidarane må passa på er å leggje materiala inn rett, fortel Nygaard medan han viser fram den nyaste investeringa.
- Men vi har ikkje berre nye maskiner på huset. Denne for å kappe lister overtok vi frå Lyssand. Den har vore i bruk i noko nær ein mannsalder.
Leverar også til privatpersonar
Med avansert lakkhall hender det at dei tek på seg lakking av møblar for privatpersonar også, men til den private marknaden er det i hovudsak eigenproduserte ting som postkassestativ og varmepumpehus det går mest av.
- Vi produserte òg kompostbingar tidlegare, men nye krav med syrefast aluminium gjorde at det blei uhorveleg dyrt.
- Varmepumpehusa er blitt veldig populære og er eit produkt vi sel ein god del av, avsluttar Kristian Nygaard.