Bjørnafjorden kommune | 18. apr. 2023

Omstilling 25: Sendte brev til helsetilsette

Kva er stoda i Bjørnafjorden? Kommunalsjefen ramsar opp.

Omstilling 25: Sendte brev til helsetilsette
Fungerande kommunalsjef Torgeir Sæter, her i kommunestyret 16. februar. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. apr. 2023 15:57

Denne teksten er eit samandrag av informasjonsskrivet fungerande kommunalsjef for Helse og velferd i Bjørnafjorden kommune, Torgeir Sæter, sendte ut til alle tilsette i Helse og velferd før påske.

Kva er stoda i Bjørnafjorden?

Helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden kommune har i dag høgare bemanning enn gjennomsnittet av samanliknbare kommunar. Samtidig er inntektene våre mykje lågare enn gjennomsnittet. Dette skaper eit gap mellom inntekter og utgifter som ikkje kan halde fram.

Kva betyr dette eigentleg?

Først og fremst betyr det at vi må ha lågare bemanning i tenestene. Samstundes må kommunen sikre lovpålagte og forsvarlege tenester.

Innsparingane vil kunne føre til at brukarar får færre tenester, lågare kvalitet i tenestene eller hjelp frå andre enn kommunen, men tenestene skal vere gode nok.

Nye løysingar

For å få det til, må vi i kommunen finne nye måtar å løyse brukarane sine behov på. Vi tilsette må førebu oss på å jobbe på andre måtar enn i dag, og i tillegg jobbe meir på tvers av avdelingar og einingar.

Reduksjon i talet på tilsette skal skje på ein smidig og god måte.

Velferdsteknologi, digitale verktøy, analyse og smarte løysingar i den daglege drifta vil vere sentrale grep framover.

Arbeidet med å finne nye løysingar og endre dagens organisasjon vil vere særleg aktivt fram mot 2025, og har derfor fått namnet Omstilling 25.

Desse tiltaka har kommunestyret vedtatt:

Tiltak legevakt og legetenester

  • Redusere med 1 dagvakt på legevakta (er gjennomført)
  • Ny organisering av legevakt Eikelandsosen
  • Ta inn tapte inntekter
  • Kartlegge samanslåing av dei to kommunale legekontora
  • Reduksjon i lisensar, moms. Mål om 10 % reduksjon
  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Overføre 90 % administrativ stilling inn i klinikk (er gjennomført)
  • Arbeide med turnus, oppgåve- og rollefordeling

Tiltak Luranetunet bu- og behandlingssenter

  • Reduksjon pleiefaktor inkl. natt eksklusiv leiarar frå 1,04 til 0,90
  • Reduksjon i bruk av variabel lønn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Avvikle all innleige frå vikarbyrå

Tiltak Heimetenesta Os

  • Redusere snitt turnustime per tiltakstime frå 1,9 til 1,6 i heimesjukepleia og demensarbeidslag, og frå 2,2 til 1,6 i heimehjelp
  • Redusere frå snitt 3,4 timar per veke per brukar i heimesjukepleia og demensarbeidslag til 3,10 timar i snitt
  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Feriestenge Oshaugen dagsenter
  • Feriestenge heimehjelpstenesta

Tiltak Fusa bu- og behandlingssenter og Heimetenesta Eikelandsosen

  • Redusere snitt turnustime per tiltakstime frå snitt 2,36 til 2,1 i heimesjukepleie
  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Reduksjon snitt pleiefaktor inkl. natt eksklusiv leiarar frå 1,05 til 0,90
  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Redusere 0,65 prosent aktiviseringsstilling
  • Seie opp avtale med ASCAN
  • Redusere transport med 40 prosent
  • Redusere multidosevakter heimetenesta
  • Feriestenge heimehjelpstenesta
  • Redusere dagsenter Baldersheim med ein dag i veka

Tiltak Tilrettelagte tenester

Redusere bemanningsfaktor i bufellesskap inkl. natt frå snitt 2,02 til snitt 2,0

Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk

Avslutte leige avlasting Gamle prestebustaden

Reduksjon i aktivitetstilbod ved Kuhnletunet dagsenter

Bortfall av leigeutgifter til lokale for dagsenter Eikelandsosen

Tiltak Psykisk helse- og rustenester

  • Reduksjon med 1,5 årsverk i ordinær bemanning for å ta imot tilsette i Friskliv og meistring som kjem frå eininga Helsefremming og rehabilitering
  • Finne anna lokale for dagsenteret i Eikelandsosen

Tiltak NAV

  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Fokus på kjerneoppgåver samt flytting av oppgåver som ikkje ligg til minimumsløysinga i NAV
  • Redusert budsjett til sosialhjelp

Tiltak avdeling for forvaltning og koordinering + bustadkontor

  • Reduksjon av bruk av støttekontaktar 25 %
  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Gjennomgå kontraktar med leverandørar av BPA-ordninga

Tiltak Helsefremming og rehabilitering

  • Avvikle som eiga eining, reduksjon einingsleiar
  • Redusere kvardagsrehabilitering med 0,5 årsverk
  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk
  • Avvikle tenesta tryggleikssjukepleiar
  • Avvikle Diabetes-, KOLS- og Kreftteam, men behalde fysioterapeut (0,6 årsverk) og ergoterapeut (0,2 årsverk)
  • Fjerne vakant stilling som ernæringsfysiolog
  • Fjerne midlar til turnuskandidat, fysioterapi

Tiltak Fagstab og fellessatsingar

  • Reduksjon i bruk av variabel løn tilsvarande ca. 22 prosent av dagens forbruk

Mykje - men mogleg

Alle tiltaka kan verke overveldande. Men vi må hugse at dette er første fase i ei omlegging som alle helsetenestene i landet må gjennom dei neste åra.

Det er òg viktig å merke seg at andre kommunar, til dømes Bergen, i dag har den bemanninga som vi i Bjørnafjorden skal komme ned på. Altså er det mogleg.

Leiargruppene i dei ulike einingane er ansvarlege for gjennomføringa av endringane, men tilsette sin medverknad og innsikt er heilt avgjerande for at arbeidet skal lukkast.

Omstillinga kjem til å bli krevjande, men vi skal - og må - få det til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.