Som planlagt blei haugen framfor Oshallen og Osbadet sprengt vekk før skulestart.
Arbeidet med ny dobbelthall på Kuventræ held fram med utgraving av parkeringskjellar, som skal få 95-100 parkeringsplassar.
• Sjå nye skisser og les om innhaldet i ny hall
Samtidig som fasaden på hallen og badet har opna seg, så har inngangspartiet blitt sperra av.
– Torsdag var første dag med nytt, midlertidig inngangsparti, fortel Jon Sivert Rykkel frå Osbadet KF.
Inngang til Oshallen, Osbadet og Actic er no på austsida, ved solarium og ladepunkt for elbil - der det òg skal bli ny hovudinngang når ny dobbelthall er ferdig, vegg i vegg med dagens hall.
Eit tips til parkering
Kuventræ får langt fleire parkeringsplassar når hallen er ferdig. Parkeringsplassen ved friidrettsanlegget og fotballen sitt klubbhus skal òg utvidast med nokre midlertige plassar i byggeperioden.
Nett no er det bygging av både ny innkjørsle og ny snuplass for buss på området.
–Eg vil anbefala spesielt dei som skal på fotballtrening, eller spela kamp, å bruka den nye parkeringsplassen i Industrivegen, nedanfor Os Asvo. Den er romsleg og gåavstanden er kort, her i Idrettsvegen kan det nok bli både knapt om plassen og litt mykje trafikk i periodar.
God prosess og gode besøkstal
Rykkel fortel om ein god sommarferie ved Osbadet.
– Vi har løpande dialog med entreprenør Consto, og starten på byggeprosessen har gått veldig fint for vår del.
– No kjem vi nok til å bli meir involvert, frå parkeringsanlegget skal det nemleg koma inngang direkte inn i kjellaren vår, ved Actic.
Juni, då det regna i over 20 dagar i strekk, opplevde Osbadet sin beste junimånad på fire år.
Juli fekk fleire godvêrsdagar, då gjekk besøkstalet ned.
Nattbading om to veker
No startar kvardagen igjen. Desse dagane før skulestart har Osbadet ein fullbooka aktivitetsskule med 40 born på leik i hallen og bading i bassenget.
– Snart startar òg AFO-en (aktivitetsfritidsordning etter skuletid). Der er det fullt tre av fire dagar, berre torsdag har vi noko ledig.
Første fredag med «nattbading», ordninga med kveldsope basseng for born og ungdom, blir fredag 1. september.