Lokal | 23. juli 2009

Open igjen

Os Bowlinghall har hatt datatrøbbel sidan starten på sommaren, men har endeleg fått systemet i orden igjen.

Open igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juli 2009 09:07

I regntunge feriedagar er bowling eit av få aktivitetstilbod under tak i Os, men mange har gått skuffa heim frå bowlinghallen i Hamnevegen denne sommaren.

- Heldigvis var det fint vêr i starten av sommaren, og ikkje så mange som kom for å bowla den første tida anlegget var nede. Men det har vore kjedeleg å ikkje vera i drift, spesielt no i det siste, då det har regna mykje, seier Tony Wold.

- Medan skjermar og utrekning har vore ute av drift har eg sete og tatt imot folk som har kome for å spela. Dei har fått lov til å rulla kuler, men det er ikkje det same å notera manuelt eller rett og slett spela utan å telja poeng.

I starten av juni havarerte pc-en som styrer den digitale delen av bowlingen. Ny maskin og nytt program kom ganske raskt på plass, men programmet gjekk på eldre plattform, så då fekk Wold behov for meir programvare.

- I går kom endeleg fila eg trengte frå Sverige, og no har eg fått hjelp til installasjon, så frå i dag skal alt vera som før, seier Tony.

Tidlegare i år blei drifta av bowlinghallen skilt ut, der Wold leiger og driv hallen til Os Filmsenter. I sommar blei filmsenteret selt frå Norgesgruppen til Forum Video, men avtalen mellom Wold og filmsenteret står ved lag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.