Næringsliv | 10. feb. 2011

Opna butikk nr 200

I dag opna Rimi på Osøyro opp igjen etter omfattande oppussing, som Rimi-butikk nummer 200 med ny utsjånad.

Opna butikk nr 200
Andris Hamretorsdag 10. feb. 2011 09:14

Det har vore ein hektisk periode kor heile butikken har fått ei «extrem makeover».

- Vi må jo fornya oss litt, ler dagleg leiar Anders Bogevik Nebb, som saman med regionssjef Dag Augheim sto for opninga av nyebutikken.

- Det var klart at butikk nummer 200 måtte koma på Os, seier ein nøgd regionssjef. Han hadde valet mellom Os og ein annan butikk i distriktet då han skulle opna nummer 200.

Fornyinga av butikken har vore planlagt ei god stund og er ein del av den oppfriskinga Rimi gjer i heile landet.

- Eg synes dette har blitt kjempebra, seier Nebb, og fortel at kundar har gjeve gode tilbakemeldingar på nye-Rimi.

Snur butikken og møtar konkurransen
Den største skilnaden frå den gamle butikken blir at heile butikken er snudd om, slik at du no kjem inn der du før kom ut. Kassane finn du der du tidlegare plukka frukt og grønt.

- Sjølv om vi snur butikken finn du det same gode utvalet og dei same tilsette, forsikrar Nebb.

Målet med Rimi sitt nye konsept er å gje kundene ein meir effektiv handletur med lågare hyller og betre skilting.

- Konkurransen på Os er tøff, så vi må rusta oss for å møta den, seier Nebb.

- Det einaste vi slit med er parkeringa. Difor gler eg meg til kommunen no kjem på plass med parkeringverten slik at vi får orden på parkeringstilhøva i sentrum, avsluttar dagleg leiar Anders Bogevik Nebb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.