Sport | 26. feb. 2010

Opna igjen

Handballhelga er redda: Oshallen er opna igjen etter hard innsats på taket.

Opna igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. feb. 2010 20:04

Torsdag kveld bestemte styret i Osbadet, som driftar Oshallen, å stenga hallen fram til taket var rydda for snø.

- Etter kjempeinnsats av mange frå handball- og fotballgruppa var vi ferdig å moka klokka 17.30, seier dagleg leiar i Osbadet, Leif Gunnar Borgen.

Med det kan også herre- og damelaget sine planlagte heimekampar gå som normalt laurdag.

Damelaget møter tabelltoar Jotun klokka 16.30. Os gjorde god figur mot Jotun borte, men tapte kampen. Men Os har bortsett frå i førre kamp vist god form dei siste rundane, og kjem nok til å kjempa hardt for poeng i morgon.

Herrelaget, som nyleg slo serieleiar Nornen 2 med sju mål på bortebane, tar imot Florø klokka 17.45. Bortekampen mot Florø enda med 24-22-siger til Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.