Lokal | 07. jan. 2014

Opna interkommunalt ressurssenter

Interkommunalt diabetes- og kolsteam, kommunalt kreftteam og demenskoordinator under same tak.

Opna interkommunalt ressurssenter
Varaordførar i Os, Marie Bruarøy (H), ordførar i Fusa, Hans Vindenes (Sp) og ordførar i Samnanger, Marit Aksnes Aase (Krf) opna ressurssenteret (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 07. jan. 2014 14:28

Tysdag feira ordførarane Hans Vindenes (Sp) frå Fusa og Marit Aksnes Aase (Krf) frå Samnanger saman med varaordførar Marie Bruarøy (H) frå Os at dei har klart å samarbeida. Nærare bestemt om to interkommunale team som skal jobba for å forebygga og behandla diabetes og kols.

– Vi har lagt oss i førersetet samenlikna med mange andre kommunar i høve samhandlingsreforma.

– Dette handlar om å forebygga i staden for å reparera. Gratulerer med dagen til både Os, Fusa og Samnanger, helsa Hans Vindenes under den høgtidlege opninga av ressurssenteret på Luranetunet.

Lillesøstra som fekk mest

I det gamle kjøkenet på sjukeheimen har ein fått på plass tre kontor og eit laboratorium/behandlingsrom som skal husa dei internkommunale teama for diabetes og kols, samt kreftteamet og demenskoordinatoren for Os kommune.

Ordførar Marit Aksnes Aase helsa på vegne av Samnanger kommune.

– Takk for tålmode. Det har ikkje vore fest og glede alle dagane på veg fram mot denne.

– Eg må få retta ein spesiell takk til Barbro Træland i Os og vår eiga Grete Hjartnes som har leia oss gjennom prosessen.

– Som lillesøstra i den kommunale søskenflokken har vi nok fått litt ekstra. Akkurat som det pleiar vera i familiar.

– På same måte har nok storebror Os måtte gje mest, akkurat som det pleiar å vera. Tusen takk.

– Men no er det brukarane det gjeld. Som sjukepleiar er eg glad for å sjå at samhandlingsreformen blir noko meir enn berre fagre ord, helsa Samnangerordføraren.

For innbyggarane

Dei to "småsøskena" fekk støtte frå storesøster varaordførar Marie Bruarøy i at det var ein viktig dag for innbyggarane i dei tre kommunane.

– Vi var òg usikre på kva samhandlingsreformen ville bringe.

– Eg er imponert over den gjengen som har jobba ressurssenteret fram.

– Dette blir eit ressurssenter til det beste for innbyggarane våre, konkluderte Bruarøy.

Dette er ressurssenteret

Ressurssenteret husar dei to interkommunale teama for diabetes og kols, samt Os kommune sitt kreftteam og demenskoordinatoren.

Diabetesteamet:

Bedre oppfølging og behandling av personar med diabetes i samarbeid med spesialisthelsetenesta og fastlege. Hovedansvaret for behandlinga vil alltid ligge hos fastlege.

Teamet består av: Fagleg ansvarleg lege (20%) og diabetessjukepleiar (100%). Diabetessjukepleiar har eigne konsultasjonar og ambulerar i dei tre kommunane.

Tilbod som teamet kan bistå med: Opplæring til eigen kontroll av diabetes; blodsukkermåling, kosthald, tablettbehandling, insulinstart og anna videre oppfølging og kontroll av diabetes.

Teamet nyttast også til kurs og opplæring og er ein ressurs når det gjeld diabetes i kommunane.

Målgruppe: Alle som har fått diagnose diabetes i Os, Samnanger og Fusa og deira pårørande.

Kolsteamet:

Oppfølging av kolsteamet er eit lågterskeltilbod. Føresetnaden for oppfølgjing av teamet er at pasienten har diagnosen kols.

Kolsteamet skal vere ei støtte til både personar med kols og deira pårørande. All oppfølging og behandling må individuelt tilpassast i samråd med den enkelte og den enkelte sin fastlege som framleis vil ha det medisinske ansvaret.

Kolsteamet gir opplæring og informasjon om diagnosen kols både til pasienten og pårørande. Ved behov kan teamet også gje råd om ernæring, medisinbruk, angst og depresjon, fysisk aktivitet og rehabilitering, oppdaterte lokale tilbod for pasientgruppa og røykeslutt.

Teamet består av: Ein sjukepleiar i 100% stilling, lege i 20 % stiling og fysioterapeut i 20% stilling.

Kreftteamet:

Kreftteamet er eit supplement til fastlegane. Pasientane henvisast til kreftteamet frå Helse Bergen.

Teamet består av: To sjukepleiarar (40 og 10%), lege (20%) og fysioterapeut (20%).

Kreftteamet vil driva polikliniske kontrollar, symptomlindrande behandling, sårskift med vidare. Omlag 25% av den polikliniske behandlinga reknar ein med kan takast hand om av det lokalet kreftteamet.

Demenskoordinator

Demenskoordinator-rolla er i oppstartsfasen og ikkje kome riktig i gong enno. Denne vil vera på plass i løpet av våren. Astrid Egge Døsen går frå stillinga som avdelingsleiar på demensavdelinga til koordinatorstillinga.

– Eg håper vi kan få til ein raud tråd i alt arbeidet med demens i kommunen, fortalde Egge Døsen.

Koordinatoren vil jobba med demente heime, deira familier og pårørande, fastlegane.

– Eg vil følgje dei opp og bruke tid i lag med dei.

– Det er òg viktig å diagnostisera demens så tidleg som mogleg. Dette vil eg òg nytta tid på, orienterte den nytilsette demenskoordinatoren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.