Lokal | 18. nov. 2011

Opna julehus

Torsdag opna Plantasjen på Gudridflaten med alt frå blomar og planter til julepynt og nissefar.

Opna julehus
Andris Hamrefredag 18. nov. 2011 08:31

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

1. oktober stengde Os hagesenter dørene. Torsdag opna Plantasjen med dobbelt så store arealar.

- Det er kanskje ei av dei største endringane, fortel Eva Lunde som har blitt med frå Os hagesenter til Plantasjen.

- I tillegg er det jo eit heilt anna konsept enn det vi var vante til.

Som ein del av ei kjede får dei no mykje av aktivitetane og vareutvalet styrt frå sentral hold.

- Ein fordel er jo at store kjedeinnkjøp gjev lågare pris ute i butikkane, noko eg håpar kundane vil setta pris på, smiler Lunde.

Butikken har blitt utforma slik at kundane leias gjennom dei forskjellege avdelingane med blomar, for og hardware.

- Det er òg ei av dei større endringane for oss som jobbar her. No har vi klarare ansvarsområdet både i høve til kompetanse og innkjøp, forklarar Lunde.

Frå plante og hage til spylevæske og dyrefór

Sjølv om blomar og planter framleis er hovudfokus finn du òg akebrett, spylarvæske og fleire typar dyrefór i butikken.

- Dette er faktisk den første butikken i Bergensområdet som har kjedas nye konsept både i utforming og i høve til at vi no sel anerkjende merker av fór til kattar og hundar, fortel Anders Tennefoss, for anledninga innleig frå Plantasjen i Åsane.

- Det er vel faktisk berre ein 6-7 andre butikkar i landet som har den same utforming som her på Os.

Jula har kome

Med 1000 nye kvaderatmeter ute under tak har jula fått god plass ved opninga. Både juletrea, nek og nissar er på plass.

- Vi følgjer sesongane så no er det jul for alle penga, avsluttar Lunde med et smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.