Opna pendlarparkeringa
... men først måtte fylkeskommunen ta ned eitt av skilta for at Os kommune skulle få det slik dei ville ha det.
Klokka 14 i dag var pressa og andre invitert til opning av den nye pendlarparkeringa med 30 plassar i Myrvollen.
Pendlarparkeringa skal vera eit tilskot til pendlarparkeringa ved Rema 1000 Kuven stasjon, og det var etter at Os kommune blåste støv ein reguleringsplan frå 1990 at prosjektet skaut fart.
Ei større oppdradering av vass- og avlaupsnettet mellom Meny og Os sentrum passa òg perfekt inn i planane for etableringa av nye parkeringsplassar for dei som vel å reisa kollektivt.
Starta med å demontera
Før varaordførar Marie L. Bruarøy (H) kunne ta seg av den offisielle opninga var det duka for litt demontering av skilta som heng på parkeringsplassen.
– Vi hadde ein prat på veg opp hit, og no er vi einige om korleis det skal vera.
«Vi» i denne samanhengen er Os kommune ved varaordføraren saman med Arve Aasland frå samferdsleavdelinga ved Hordaland fylkeskommune.
Bruarøy fortel at slik skiltinga hang, måtte du heilt ned til Rema 1000 Kuven stasjon for å henta deg ut eit naudsynt oblat å leggja i bilen.
– Slik vil vi ikkje ha det på denne parkeringa.
– Her skal det vera friheit under ansvar, så lenge du ikkje står over makstida på 20 timar. Dette inneber at du både kan nytta parkeringsplassen om du tek bussen til Bergen, eller om dette er ein plass å parkera bilen din om du skal sitja på med andre.
Aaasland fekk etterkvart ned skiltet med mest feil informasjon på, men kunne leggja til at heilt korrekt info vil vera på plass innan kort tid.
– Gjer vel og trekk ut av sentrum!
Etter ein kort og uformell opningsseremoni var det duka for at dei involverte i arbeidet fekk hylla og takka kvarandre med blomar og gjeve ord.
Aasland la lite mellom og rosa Os kommune for si aktive rolle i prosjektet.
– Det er krevjande for Bergen som by med all innfartstrafikk, og ofte må vi sjå etter løysingar utanfor kommunegrensa. At Os kommune har vore så på ballen i denne etableringa er til inspirasjon for andre liknande prosjekt.
Bruarøy nytta høvet til å koma med ei oppmoding til alle køyrande og reisande osingar;
– Skal du i retning nordover og mot Bergen, ikkje set bilen fra deg i sentrum, men ta i bruk denne plassen eller den som allereie ligg ved Rema 1000. Det forsvann riktignok nokre plassar i samband med utbygginga til Rema 1000, men det er framleis 25 plassar att der.
– Med desse 30 nye her i Myrvollen ligg mykje til rette for betre parkeringstilhøve i Os sentrum, og ikkje minst mindre press på Bergen by.